Oral helse blant barn med leppe- ganespalte: Foreldre sin tilfredsheit og tannhelsepersonell i Vest-Norge sine erfaringar

Prosjekt

Studiar av pasientar som har gjennomført behandling ved den offentlege tannhelsetenesta og ved senter for leppe-kjeve-gane spalte, Tannhelstjenestens kompetansesenter Vestland: Pasienten, pasienten sine foreldre og tannlegen sin tilfredsheit.

Bakgrunn og kunnskapsstatus: Frå 1994 vart det beslutta at born som vert født i Norge med ei form for leppe-kjeve-ganespalte automatisk skal tilvisast til eit av dei to nasjonale leppe-kjeve-ganespalte teama (LKG), enten ved Rikshospitalet i Oslo eller ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. All behandling skal utførast eller administrerast frå aktuelle institusjonar. Behandling er basert på eit tverrfagleg samarbeid mellom fleire profesjonar, der særleg plastisk kirurg, øre-nese-hals lege, logoped og kjeveortoped har ei viktig rolle. Kjeveortopeden er lokalisert ved senter for LKG, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland, Vestland Fylkeskommune. Alle pasientar uavhengig av spaltetype vert innkalla til standard kontroll ved fødsel, 6 år og 16 år.

 Hensikta med studien:

  • Undersøkje frekvensen og fordelinga av ulike spaltevariantar, okklusjon og bitt- for-hold hjå spaltepasientar som har møtt til 6-års kontroll ved senter for LKG-spalte i Bergen
  • Vurdere LKG pasientar/foreldre sine kunnskapar, haldningar og oppfatningar av oral helse: ein kvalitativ studie av born med ganespalte.
  • Studere pasienten/føresette sine meiningar om behandlinga som deira born med spalte har fått ved offentleg tannhelsetjeneste og ved LKG, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland.
  • Utfordringar for tannlege og tannpleiar når det gjeld behandling av pasientar med LKG spalte ved lokal tannklinikk.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

PhD-prosjekt:

  • PhD kandidat/Kjeveortoped Paul Sæle
  • Forsker Manal Mustafa (hovedveileder)
  • Forsker Elwalid Nasir (veileder)
  • Forsker Anne Nordrehaug Åstrøm (veileder)

Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar

  • Professor Hallvard Vindenes
  • Kjevekirurg Hans Christian Sylvester Jensen

Publikasjonar


Sæle P, Østhus E, Ådalen S, Nasir EF, Mustafa M. Pattern of clefts and dental anomalies in six-year-old children: a retrospective observational study in western Norway. Acta Odontol Scand. 2017 Mar; 75(2):100-105.