Søk om å drive skjøtsel av arkeologiske kulturminne

Å rydde vekk skog, kratt og busker frå eit arkeologisk kulturminne kallar ein å drive skjøtsel. Skjøtsel vert gjort for å gjere kulturminna meir synlege og for å sikre dei mot skade frå til dømes rotvelte. Her kan du søke om å drive skjøtsel.

God skjøtsel er tiltak som gjer at kulturminnet kan opplevast som del av ein naturleg samanheng med landskapet.

Nokre kulturminne er lette å rydde og vedlikehalde, medan andre kulturminne krev meir arbeid og må ryddast fleire gonger i året. Det er òg viktig å sikre at det er mogleg å kome til kulturminnet på ein god måte. Det gjer vi ved å rydde og merke sti og parkering ved behov.

Kven kan drive skjøtsel eller tilrettelegging av arkeologiske kulturminne?

Ifølgje kulturminnelova § 3 er det ikkje er lov å gjere noko arbeid på arkeologiske kulturminne utan at du har fått løyve frå kulturminnemynda, som er fylkeskommunen.

Før du set i gang rydding eller anna arbeid på eit kulturminne, må du anten ha fått løyve av fylkeskommunen, eller det det må finnast ein skjøtselsplan som er godkjent av fylkeskommunen.

Slik går du fram

Ta først kontakt med grunneigar og kommune dersom du ønskjer å rydde fram eller skilte eit kulturminne. Det er viktig at grunneigar er positiv til arbeidet. Deretter kan du ta kontakt med fylkeskommunen, som vil bidra med råd og rettleiing.

I dei fleste tilfelle lagar vi ein skjøtselsplan, som fortel kva som kan gjerast og korleis. Ein slik plan vert laga i samarbeid med kommune, grunneigar og eventuelle andre partar i prosjektet.

Skjøtsel gjennom slått og beite – må eg søkje om dette?

Du kan halde fram med beite eller slått så lenge det ikkje skadar kulturminnet, dersom du har eit kulturminne på eigedomen din.

Dersom du til dømes ser at sauene har laga eit erosjonssår som grev seg inn i sida på gravhaugen på beitet, må du ta kontakt med fylkeskommunen. Då kan vi saman finne ei løysing som stoggar slitasjen.

Dersom kulturminna på eigedomen din ligg i eller i tilknyting til innmark, og du får produksjonstilskot, kan du søkje om tilskot til skjøtsel av denne typen gjennom ordningar retta mot landbruket: