Berekraftig verdiskaping  – regional plan for innovasjon og næringsutvikling

Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021–2033, set retning for næringslivet i Vestland dei neste tolv åra.

Ambisjonane i planen er store. Planen har som hovudmål at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. 

Her er visjonen og måla i planen:

Biletet viser visjonar og mål for planen. Visjon: Nyskapande og berekraftig. Hovudmål: Vestland er det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Mål for satsinga Grøn næringsutvikling: Eit næringsliv i Vestland med netto nullutslepp i 2030. Mål for satsinga Areal til næringsutvikling: Rett areal til rett føremål til rett tid. Mål for satsinga Kompetanseutvikling i arbeidslivet: Fleire arbeidstakarar med rett kompetanse. Mål for satsinga Innovative og inkluderande samfunn: Verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket.

Handlingsprogram og årsplanar set retning

Gjennom fireårige handlingsprogram og årsplanar skal vi sikre at vi når dei langsiktige, overordna måla i planen. I det fyrste handlingsprogrammet for perioden 2022–2025 har vi fått på plass delmål og strategiar for perioden. Dei gjer grunnlag for å gjere aktuelle og dynamiske prioriteringar til beste for heile fylket, gjennom forpliktande samarbeid med nærings- og samfunnsaktørar i fylket.  Handlingsprogram for 2022–2025 er også utgangspunkt for opne utlysingar der aktørar i fylket kan søkje om tilretteleggjande tiltak for innovasjon og næringsutvikling.  

Årsplanar sikrer at partnarane i fylket har ressursar og verkemiddel til å gjennomføre strategiane i handlingsprogrammet. Kopling til økonomi og budsjett i fylkeskommune vil også skje i desse årsplanane.

Den regionale planen med handlingsprogram og årsplanar er for heile fylket, ikkje berre fylkeskommunen.  Vi skal saman gjennomføre strategiane i satsingane og løyse kritiske oppdrag å tvers: 

  • bygge strategiske grøne knutepunkt gjennom industriell symbiose
  • ta posisjon som den globalt leiande havregionen
  • verdsleiande innovasjon på grøn infrastruktur
  • sikre det biologiske mangfaldet og ta vare på matjorda