Fullføringsmidlar
Fullføringsreforma har som mål at ungdom og vaksne blir kvalifisert til å møte krava i vidare utdanning og arbeidsliv, og at dei kan utvikle kompetansen sin heile livet.
Vestland fylkeskommune ønskjer å auke gjennomføringa, både for ungdom og vaksne som er i eit læreforhold og dei som ventar på læreplass.
Midlane skal gi søkjarar til opplæring i bedrift mogelegheit til å få ein lærekontrakt.
Lærlingar og lærekandidatar som står i fare for å ikkje fullføre vidaregåande opplæring, skal kunne få støtte til å oppnå fagutdanninga si eller delar av ei fagutdanning.
Kva tiltak kan bedrifta søkje midlar til?
- Utprøving i bedrift
- Tiltak som styrkar opplæringa der det er behov for det for å nå læreplanmåla
- Ekstra personalressurs
- Utvida opplæringstid
- Overtaking av opplæringsansvar for lærling/lærekandidatar frå andre lærebedrifter
- Kombinasjon av fleire av desse tiltaka
Kva tildeling kan bedrifta rekne med å få?
- Inntil 50 000 kr, ved søknad om midlar til utprøving i bedrift.
- Inntil 75 000 kr, ved søknad om ekstra personalressurs.
- Inntil 50 000 kr, ved søknad om utvida opplæringstid eller andre tiltak for å nå læreplanmåla.
Der godkjende lærebedrifter overtar opplæringsansvaret frå andre lærebedrifter vil tildelte midlar følgje kandidaten.
Kva krav stiller fylkeskommunen for tildeling?
- Plan for oppfølgjingstiltak med tidsramme og informasjon om korleis midlane er tenkt brukt skal følgje søknaden. Det må kome fram kva beløp bedrifta søkjer om.
- Lærebedrifta skal rapportere status til fylkeskommunen innan 3 månader etter perioden det er søkt midlar for. Manglande rapportering kan føre til at fylkeskommunen krev midlane tilbakebetalt.
- Berre unntaksvis kan bedrifta søke midlar fleire gonger for same kandidat. Ny søknad føreset i tillegg at det er levert rapport frå første tildeling.
Det er ikkje eit vilkår at bedrifta har inngått lære-/opplæringskontrakt med kandidaten.
Kva frist har bedrifta for søknad?
Ingen. Søknader vil bli behandla fortløpande.
Føresetnaden for tildeling er at det er tilgjengelege midlar i ramma.
Ved spørsmål om ordninga, kontakt rettleiingstenesta i området ditt.