Føreslår å frede Wittgenstein-huset i Luster

Vestland fylkeskommune sender no forslaget om å frede Ludwig Wittgenstein sitt hus i Skjolden i Luster kommune på høyring. Fristen for å kome med merknadar er 26. juni.

foto av Wittgenstein-huset i Skjolden i Luster
KAN BLI FREDA: Fylkeskommunen føreslår no å frede huset Ludwig Wittgenstein fekk bygd på ei fjellhylle over Eidsvatnet i Skjolden i Luster. Stien frå vatnet og opp til huset og noko av området rundt er også føreslått freda.

Fredingsforslaget omfattar sjølve huset, stien frå Eidsvatnet til huset og eit område rundt for å bevare verknaden av kulturminna i omgjevnadane. Ludwig Wittgenstein var ein av dei store europeiske filosofane på 1900-talet. Han skreiv delar av verka sine då han oppheldt seg i Skjolden.

Nasjonal kulturminneverdi

– Vi meiner Ludvig Wittgenstein si attreiste hytte og samanhengen med landskapet har nasjonal kulturminneverdi. Vi sender difor fredingsforslaget på høyring slik at alle berørte partar får moglegheit til å uttale seg om forslaget, seier Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering.

Når høyringsfristen er ute, vert saka sendt til Luster kommune for behandling i kommunestyret. Deretter skal fylkeskommunen utarbeide eit endeleg fredingsforslag til Riksantikvaren, som avgjer om eigedomen skal fredast eller ikkje.

Del av den europeiske kulturhistoria

Føremålet med fredinga er å ta vare på Ludwig Wittgenstein sitt hus, som eit bygningshistorisk og kulturhistorisk viktig døme på Wittgenstein sin bustad og arbeidsplass. Her skreiv han delar av Filosofiske undersøkelser, eitt av hovudverka i den europeiske filosofien i det 20. hundreåret. Huset i Skjolden er eit døme på ein av stadane der Wittgenstein trekte seg tilbake frå det akademiske miljøet i Cambrigde for å få ro til å skrive ned tankane sine om logikken.

– Kontrasten mellom oppveksten i Wien, arbeidet i Cambridge og livet på ei fjellhylle inst i Luster var stor. Men når vi veit at tida i Skjolden var avgjerande for arbeidet hans, vert dette enkle kulturminnet også del av den europeiske kulturhistoria, seier Ekerhovd.

Fredinga skal sikre dei kulturhistoriske og bygningshistoriske verdiane i heilskapen mellom bygningen, stien og tomta.

foto av Ludwig Wittgenstein sitt hus i Skjolden i Luster
KULTURMINNE I TØMMER: Wittgenstein-huset har element av både norsk og austerriksk byggeskikk, og har ei spesiell historie som omfattar flytting først frå og så tilbake til den opphavlege tomta.

«Det stille alvoret i landskapet»

Wittgenstein målte livslukka si i kva grad han var i stand til å arbeide. I eit brev til Georg Edward Moore finn vi eit av dei mest kjende sitata hans om Skjolden som tek føre seg akkurat dette:

Eg kan ikkje førestella meg at eg kunne ha arbeidd nokon stader slik eg gjer her. Det er roa og kanskje det vedunderlege landskapet; eg meinar det stille alvoret i landskapet.

Omsetjinga er frå boka Det stille alvoret av Knut Olav Åmås og Rolf Larsen.

Wittgenstein kom til Skjolden første gong i 1913 og starta bygginga av huset ved Eidsvatnet våren 1914.

Huset Wittgenstein bygde er plassert på ei lita hylle over Eidsvatnet i Skjolden. Huset er eit enkelt utforma lite tømmerhus, der gavlen vender ut mot vatnet. I huset finn vi element frå både den norske og den austerriske byggeskikken. Eit av dei tydelegaste austerriske trekka ved huset er verandaen ved loftsetasjen med utsikt over Eidsvatnet. Storleiken og den enkle innreiinga i huset viser til den asketiske livsstilen til Wittgenstein, og syner kva fysiske rammer han hadde behov for i arbeidet sitt.

Plasseringa av huset var svært viktig for Wittgenstein, og han var spesielt opptatt av stilla og roen han fann i Skjolden. Av den grunn bygde han huset sitt på god avstand frå dei andre bustadane i området og i eit terreng der det var lite ferdsle. For å kome til huset måtte ein tidlegare anten bruke båt og ro over vatnet, for så å gå opp ein bratt sti til huset, eller ein kunne vade over elva i enden av vatnet og så gå langs vatnet til stien opp til huset. I dag er det to bruer over elva slik at tilgangen til huset er enklare enn på Wittgenstein si tid.

Huset har hatt ei spesiell bygningshistorie ved at det i 1958 vart flytta ned til Bolstadmoen i Skjolden og sett opp som bustadhus der. I mange år har det vore eit ynske frå mange at huset skulle flyttast tilbake til den opphavlege tomta. Luster kommune og Stiftinga Wittgenstein i Skjolden har i mange år arbeidd for at huset skal kome tilbake, og i 2019 var huset tilbake ved Eidsvatnet. Sjølv om huset er flytta, er svært mykje av den opphavlege materialen framleis bevart, noko som gjorde tilbakeføringa mogleg. Stiftinga Wittgenstein i Skjolden har gjort eit svært godt arbeid med tilbakeføringa, og difor kan vi i dag oppleve Wittgenstein sin bustad og arbeidsplass der han skreiv delar av verket Filosofiske undersøkelser.

Historia og arbeidet til Wittgenstein er noko mange er svært opptekne av, og arbeidet hans inspirerer både filosofar, forfattarar og kunstnarar. Dei mange som i dag besøkjer huset til Wittgenstein i Skjolden viser dette tydeleg. Stiftinga Wittgenstein i Skjolden er oppteken av å formidle kunnskap om Wittgenstein og Skjolden, og å leggje til rette for at dei som er interesserte skal kunne besøke huset. Deira bruk av huset og formidlinga av historia om Wittgenstein tek godt omsyn til bygninga sine kulturhistoriske verdiar.

Ludwig Wittgenstein vert rekna som ein av dei største og mest innflytelsesrike filosofane i det 20. hundreåret. Begge hovudverka hans vart delvis til medan han oppheldt seg i Skjolden. Hausten 1913 kom Ludwig Wittgenstein til Skjolden for første gong. Han leigde då to rom hjå Hans Hess Pederson Klingenberg, som han budde hjå fram til våren 1914. Føremålet med reisa til Norge var at han meinte han ville finne arbeidsro her, noko han også gjorde. Denne vinteren gjorde han mykje av forarbeidet til avhandlinga Tractatus Logico-Philosophicus. Avhandlinga vert rekna som hans første hovudverk.

Han likte seg i Skjolden, og bestemte seg for å bygge sitt eige hus, der han kunne trekke seg tilbake til for å arbeide vidare med logikken. Før han bestemte seg for plasseringa ved Eidsvatnet, vurderte han to andre tomter. Våren 1914 starta arbeidet med å bygge huset, og det skulle vere ferdig til Wittgenstein kom tilbake til Skjolden hausten same år. På grunn av utbrotet av første verdskrig valde Wittgenstein å delta  i krigen på Austerrisk side framfor å dra til bake til Skjolden som planlagt. Ved slutten av krigen sat han i krigsfangenskap fram til 1919.

Wittgenstein var ikkje tilbake i Skjolden før i 1921og budde då i huset for første gong, sjølv om han i 1919 hadde gitt huset til venen Arne Bolstad. Dette var det første av fleire opphald Wittgenstein hadde i huset ved Eidsvatnet. Det lengste opphaldet var i perioden 1936–37. Mesteparten av dette opphaldet budde han i huset, og i denne perioden skreiv han dei første 188 paragrafane i Filosofiske undersøkelser, og fleire av dei mest kjende aforismane som seinare vart publiserte i Filosofi og kultur. Spredte bemerkninger.

Det å trekkje seg tilbake til ein form for eksil var typisk for Wittgenstein når han arbeidde med å skrive ned sine tankar om logikken, og han gjer det fleire gonger i løpet av livet. Felles for dei plassane han trekte seg tilbake til er at dei er på god avstand frå det akademiske og sosiale miljøet han elles var ein del av. Bustadane hans var enkle og den sosiale omgangskrinsen hans bestod i stor grad av lokalbefolkninga på staden der han budde. Huset i Skjolden skil seg frå dei andre stadane der han trekte seg tilbake ved at det var det einaste bustaden han eigde, på dei andre stadane leigde han bustad. Huset var føremålsbygd, og var utforma slik han meinte det gav han best mogleg arbeidsforhold.