Sekretariat for kontrollutvalet

Kontrollutvalet skal føre tilsyn og kontroll med den fylkeskommunale forvaltninga på vegne av fylkestinget, og sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Kontrollutvalet gjev innstilling i revisjonssaker direkte til fylkestinget.

Til å hjelpe seg med kontrollarbeidet har kontrollutvalet eit eige sekretariat. I tillegg skal ekstern revisor stå for revisjonsarbeidet etter bestilling frå kontrollutvalet.

Her kan du lese meir om kontrollutvalet

Revisjon

Vestland fylkeskommune har avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Det omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som fylkeskommunen har eigarinteresser i og andre kontrolloppgåver i regi av kontrollutvalet.

Sekretariat

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møte. Døme: føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak.

Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Dei pliktar å følgje utvalet sine retningslinjer og pålegg. I tillegg til å vera sekretariat for Vestland fylkeskommune sitt kontrollutvalet vert det levert sekretariatstenester til ca. 15 kommunar i fylket.

Dette kan sekretariatet tilby kommunane

Alle kommunar i Vestland har tilbod om å kjøpe denne tenesta frå sekretariat for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune. Sekretariatet rapporterer berre til kontrollutvala og ikkje til fylkesdirektøren eller rådmennene i kommunane.

Sekretariatet er kontrollutvalet sin viktigaste hjelpar og støttespelar. Eit velfungerande sekretariat er ein føresetnad for at kontrollutvalet skal kunne utføre sin kontrollfunksjon på ein god måte.

Kommunestyret har plikt til å syte for sekretariatsbistand til kontrollutvalet. Det er eit krav at sekretariatet er uavhengig i høve både administrasjonen og revisjonen. Dette inneber mellom anna at sekretæren ikkje kan vere tilsett under rådmannen sitt mynde, eller utføre revisjonsoppgåver for kommunen.

Kontrollutvalet skal føre tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret, og sjå til at kommunen har ein forsvarleg revisjon.

Sekretariatet er kontrollutvalet sitt operative ledd og skal til ei kvar tid yte kontrollutvalet den bistanden som utvalet har trong for. Sekretariatet rapporterer berre til det enkelte kontrollutval og pliktar å følgje utvalet sine retningsliner og pålegg. Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og oppfølging etter møte. Døme: Føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak.

Kontrollsjef Hogne Haktorson, mob: 911 05 982
hogne.haktorson@vlfk.no

Seniorrådgjevar Roald Breistein, mob: 975 05 152
roald.breistein@vlfk.no

Seniorrådgjevar Einar Ulla, mob: 971 90 734
einar.kare.ulla@vlfk.no

Seniorrådgjevar Kjartan Haugsnes, mob: 901 89 542
kjartan.haugsnes@vlfk.no

Spesialrådgjevar Helge Inge Johansen, mob: 402 03 664
helge.inge.johansen@vlfk.no

Seniorrådgjevar Stian Skår Ludvigsen, ph.d., mob: 413 22 734
stian.skar.ludvigsen@vlfk.no

Felles e-post:
kontrollutvalet@vlfk.no