Søk om støtte til forprosjekt

Eit forprosjekt i FORREGION Vestland skal vere eit innleiande forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt). Bedrifter i Vestland med lita eller inga forskingserfaring kan søke.

Bedrifta må samarbeide med ein godkjend forskingsorganisasjon. Bedrifta må ha ambisjon om at forprosjektet skal føre til vidare arbeid med forsking.

Ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland må hjelpe med identifisering og konkretisering av tema for forprosjektet, basert på dei utfordringar som bedrifta fremjar.

Prosjektideen må ha som mål å utvikle ein innovasjon som kan bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland.

Så mykje kan bedrifta søkje om

Bedrifter i Vestland fylke kan søkje om støtte på inntil kr. 400 000,- til å starte arbeidet med eit FoU-prosjekt. Minst 70 prosent av støtta skal gå til å finansiere innsatsen til forskingspartnaren. Bedrifta må stille med minst 50 prosent eigenfinansiering av samla prosjektkostnader.

Du må gjennomføre prosjektet i samarbeid med ein godkjend forskingsorganisasjon. Kompetansemeklaren kan hjelpe med å finne dei rette forskarane til ditt prosjekt.

Bedrifta di kan berre sende søknad etter dialog og rettleiing frå ein kompetansemeklarar.

  • Prosjektet du søker støtte til, må vere eit samarbeid mellom bedrifta di og minst ein godkjend forskingsorganisasjon.
  • Bedrifta må ha en ambisjon om at arbeidet skal føre til vidare forsking. Forprosjektet bør være ei førebuing til å delta i andre finansieringsordningar for forsking, til dømes Regionalt forskningsfond Vestland, Forskningsrådet eller Horisont Europa.
  • Prosjektsøknaden må ha informasjon om den planlagde innovasjonen som forskinga skal bidra til å utvikle.
  • Prosjektet kan få inntil kr. 400 000,- i støtte.  
  • Minimum 70 % av støttebeløpet skal gå til innkjøp av tenester frå ein godkjend forskingsorganisasjon.
  • Bedrifta må bidra med minimum 50 % av godkjente prosjektkostnader i eigenfinansiering.
  • Prosjektet varar i 4 – 12 månadar

Kompetansemeklaren kan gi nærare informasjon om krava til søknaden, og hjelpe bedrifta i arbeidet med å etablere prosjektet i tråd med dei reglar som gjeld.

Kva kan vi gi støtte til?

Følgjande kostnader kan inngå i prosjektet:

Støtte vert gitt etter  kategoriane industriell forsking eller eksperimentell utvikling i statsstøtteregelverket. Du finner nærare beskriving av kva dette betyr i Gruppeunntaksforordning artikkel 25

Korleis søkje

Bedrifter som vil søkje om støtte til forprosjekt må først etablere kontakt med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland.

Kompetansemeklaren hjelper bedrifta med kvalitetssikring før innsending av søknaden gjennom Regionalt forskingsfond Vestland sin søknadsportal.