Tid og stad for privatisteksamen

Her finn du informasjon om datoar og lokale for privatisteksamen.

Datoar for skriftleg eksamenar

Datoar for sentralt gitt skriftlege eksamenar (primært fag frå studiespesialisering og teori for praksiskandidatar) finn du på Udir.

Datoar for lokalt gitt skriftlege eksamenar (primært fag frå vg1, vg2  og vg3 yrkesfag) finn du på Novari IKS.

Datoar for munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar

Datoar for munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar blir publiserte på sida di på privatistportalen når dei er klare.

Datoane vil vere klare innan 20. mars om våren og 20. oktober om hausten.

Du må logge inn i privatistportalen for å sjå dato for eksamen. Om du ikkje finn denne informasjonen i privatistportalen må du ta kontakt med oss. Vestland fylkeskommune vil sørge for at desse eksamenane ikkje vil kollidere med skriftlege eksamenar.

Eksamensperiode

  • Haust: Frå starten av november til midten av desember
  • Vår: Frå etter påske til midten av juni

 

I Vestland kan du velje å ta privatisteksamen desse stadene:

  • Bergen, sjå eige punkt om eksamenslokale
  • Eid vidaregåande skule
  • Førde vidaregåande skule
  • Kvam vidaregåande skule, Øystese
  • Odda vidaregåande skule
  • Sogndal vidaregåande skule
  • Stord vidaregåande skule
  • Voss gymnas

Skriftleg eksamen

Skriftleg eksamen vil bli på den staden du vel. 

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen

Det er tilbod om alle munnlege og munnleg-praktiske eksamenar i Bergen. 

Du ser på privatistportalen for Vestland kva for munnlege og munnleg-praktiske eksamenar som blir tilbydd på dei einskilde skulane. 

Eksamenslokale i Bergen

Det er ikkje parkeringsplassar ved eksamenslokala.

Skriftleg eksamen

Amalie Skram vidaregåande skule arrangerer skriftleg eksamen i desse lokala:

Credokirken, Øvre Kråkenes 49, buss nr. 15 (kartlenke)

Kristkirken, Slåtthaugveien 21, bybane til Skjoldskiftet (kartlenke)

Odd Fellow-huset, Krabbedalen 66, buss nr. 40 (kartlenke)

Turnhallen, Vilhelm Bjerknes' vei 22, bybane til Sletten  eller Slettebakken (kartlenke)

Salem konferansesenter, Sigurds gate 6 (kartlenke)

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen

Amalie Skram vidaregåande skule arrangerer munnleg og munnleg-praktisk eksamen på skulen: 

Amalie Skram vidaregåande skule, Lungegårdskaien 40, rett ved bystasjonen (kartlenke)