Oppdrag som kunstkonsulent for Stord vidaregåande skule

Vestland fylkeskommune lyser ut oppdraget som kunstkonsulet for nye Stord vidaregåande skule. Søknadsfristen er 1. august.

Kunstkonsulenten skal fungere som leiar av kunstutvalet. Kunstutvalet blir elles sett saman av representantar frå avdeling for kultur, idrett og inkludering og eigedomsavdelinga i Vestland fylkeskommune, arkitekten og ein brukarrepresentant.

Kriterium

Kunstkonsulenten må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Vi vektlegg tidlegare erfaring frå oppdrag som kunstkonsulent. Erfaring frå prosjekt i Vestland vil vere ein fordel.

Vestland fylkeskommune har sett av 4 089 000 kr til kunst i byggeprosjektet. Honoraret/godtgjersla til kunstkonsulenten blir 10–15 prosent av kunstbudsjettet.

Arbeidet i kunstutvalet tek til så snart som mogleg.

Fakta om byggeprosjektet

Vestland fylkeskommune byggjer ny vidaregåande skule for om lag 400 elevar på Vabakkjen på Stord. Der skal Stord vidaregåande skule, som i dag har lokale på to ulike stadar, samlokaliserast i eitt bygg.

Byggestart er i januar 2023, og bygget skal vere ferdig til skulestart for skuleåret 2025/26. Totalentreprenør er CONSTO Bergen med Link arkitektar.

Byggekostnadar for byggetrinn 1 er ca. 414 000 000 kroner. Byggetrinn 1 blir 10 915 kvadratmeter.