Open prekvalifisering: Utlysing av kunstprosjekt til Kvam vidaregåande skule

Vestland fylkeskommune inviterer profesjonelle kunstnarar til å melde interesse for kunstprosjekt til den nye vidaregåande skulen som er under bygging i sentrum av regionsenteret Norheimsund.

Avdelingane på skulen blir i no samla i eitt bygg som òg vil huse bibliotek, kino og vaksenopplæring for Kvam herad. Bruttoareal blir ca. 8800 m2 og anlegget skal stå ferdig hausten 2025.

Skulen blir bygd for 310 elevar. Det er planlagt for at rundt 180 av desse vil gå på studiespesialisering. Den andre halvparten vil studere helse- og oppvekstfag, teknologi og industrifag, og arbeids- og kvardaglivstrening.

Om kunstoppdraget

Den overordna målsetjinga i kunstplanen for Kvam vidaregåande skule tek utgangspunkt i analogien mellom kunsterfaring og venskap som er utvikla av mellom anna Martha Nussbaum. Kunstutvalet vil sjå etter kunst som er tydeleg tilstades som sjølvstendige ytringar, og som kan tale med elevar og kinogjengarar.

Vi søker kunstnarar både til eit uteprosjekt og til fleire område inne. Oppdraga kan bli tildelte direkte til enkeltkunstnarar eller via honorerte idékonkurransar. Kunstutvalet vel kunstnarar på fritt grunnlag og har rett til òg å velje kunstnarar som ikkje har meldt seg i prekvalifiseringa.

Innsending og søknadsfrist

Vi ber om at interesserte kunstnarar sender ei – 1 – pdf-fil med kort grunngjeving for interesse, bildedokumentasjon av tidlegare arbeid og relevante prosjekt, i tillegg til CV. Video eller andre medium som ikkje kan formidlast via vanleg pdf kan inkluderast som nettlenker i pdf-en. Materialet skal vera på maksimum 15 A4 sider, alt inkludert.

Søknadsfrist

8. januar 2024