Kunsten ved Åsane vgs og kulturhus

Åsane vidaregåande skule opna hausten 2020, og i same bygg ligg kulturhus og bibliotek. Kunsten i og rundt dette bygget skal vere open for tolkning og gje rom for refleksjon. Her kan du lese om alle kunstverka.

Oskarsson-Nordström_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 18.jpg

Alle foto er av Pål Hoff.

Annika Oskarsson og Thomas Nordström:

Utandørs skulpturgruppe ved hovudinngang bibliotek: «Transformasjonar, fasar, utvikling»


Kunstnarane har tatt utgangspunkt i kunsten som ein sommerfugl, eit frø, eller ein yngel som blir transformert og tar ulik form gjennom ulike utviklingsfasar. Larven og puppen er forstadiet til det flygande insektet. Lik sommarfuglen byrjar mennesket ein stad med gitte føresetnader med genar, familie og røter. Gjennom livet blir vi påverka i samspel med andre for å bli til eit heilt menneske.

Skulpturgruppa til Oskarsson og Nordstrøm speglar dette komplekse samspelet. To store skulpturar av Annika Oskarsson og Thomas Nordström står på plassen ute og ønskjer oss velkomen; samtidig peiker dei ut og opp og gir ei opning mot «noko» der ute. Kikar vi opp når vi går inn hovudinngangen ved biblioteket, ser vi tre rare «kokongar» som heng under taket. Kva gjer dei der? Kunstverket gjev rom for tolking – og undring, og kanskje òg litt humor.

Oskarsson-Nordström_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 1.jpg
Oskarsson-Nordström © Foto Pål Hoff 31.jpg
Oskarsson-Nordström_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 15.jpg

 

Anne Marthe Dyvi:

Video på 7, 5 timar: «Øye, hånd, sinn» blir vist på storskjerm i atriet

Verket er meint å vere eit bakteppe for det verkelege livet som er her og no. Ved '"å tøye tida" til det ytste og ved å samanstille fragmenterte og ikkje-beslekta scener i form og uttrykk, seier kunstnaren noko om det tidlause. Tittelen og utgangspunktet til kunstnaren har vore dokumentarfilmen "It's All In My Hands" frå 1977 og teksten "De manuelle" av tømrarmeister Ole Thorstensen. Filmen handlar om ein skomakar og sonen hans, og "De manuelle" er ein tekst om yrkesfaga, og kva det har å seie for samarbeidet mellom øye, hånd og sinn.

Anne Marthe Dyvi © Foto Pål Hoff 7.jpg
Anne Marthe Dyvi © Foto Pål Hoff 8 1.jpg


Katrine Giæver:

Kunstverk i overlysgata: «Å samle på farge / Collecting color»

Verket er ein fargekomposisjonen som eit tredimensjonalt måleri vi kan bevege oss rundt i. Gata har i utgangspunktet mange arkitektoniske element i seg, som utspring, ulike vindaugsformat, dører på rekke, søyler, gangbruer som gir ulike takhøgder og taket med overlys. Ved å ta utgangspunkt i dette, har kunstnaren laga ein fargekomposisjon som både går med og mot arkitekturen. Fargekomposisjonen, i fleire høgder og intervall, aktiviserer heile rommet og løftar passasjen til ein stad med eigen identitet.

Katrine Giæver_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 1.jpg
Katrine Giæver_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 193.jpg
Katrine Giæver_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 3.jpg
Katrine Giæver_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 30.jpg

 

Njål Lunde:

Digitaltrykk og svipenntekningar på bjørkefiner «Rekonstruksjoner», montert på betongvegg i atriet og bibliotektrappa

Kunstnaren har tatt utgangspunkt i den lokale faunaen, Haukåsmyrane i Åsane. Det er eit av dei viktigaste områda for biologisk mangfald i Bergen kommune. Haukåsmyrane er eitt av ti utvalde restaureringsprosjekt for våtmarker som Miljødirektoratet har prioritert på landsbasis. Her har vipene eitt av dei siste hekkeområda sine, og her finst fleire amfibieartar og sjeldne insektartar. I Haukåselva lever den sjeldne elvemuslingen. Frå dette naturforvaltingsprosjektet har kunstnaren henta inspirasjon og tittel til kunstprosjektet: «Rekonstruksjoner». Han har òg laga ei bok om prosjektet.

Njål Lunde © Foto Pål Hoff 112.jpg
Njål Lunde © Foto Pål Hoff 192.jpg
Njål Lunde © Foto Pål Hoff 92.jpg
Njål Lunde © Foto Pål Hoff 2.jpg
Njål Lunde © Foto Pål Hoff 3.jpg
Njål Lunde © Foto Pål Hoff 96.jpg
Njål Lunde © Foto Pål Hoff 22.jpg

 

Randi Nygård:

Serie på ni kollasjar: «So mykje ein kan bera», i gangsone 2. etasje

Kunstnaren har jobba med magasin som inneheld mote og interiør i kombinasjon med populærvitskapelege bøker og tidsskrift. Ho skjer etter bileta og teksten, og smett saman to magasin til tredimensjonale kollasjar. I kryssingsspunktet mellom det figurative og abstrakte, det flate og romlege, det vitskaplege og poetiske finst det eit ønske om å sjå forhold i verda på ein meir open og samstundes samanhengende måte.

randi collage.jpg
Randi Nygård © Foto Pål Hoff 4.jpg

 

Mia Øquist:

«Vår hylle er fylt med historier»

«Vår hylle er fylt med historier» starta som eit formidlingsprosjekt der kunstnaren deltok i ein kunstpilot i samarbeid med skulen. Det la grunnen for eit sosialt kunstprosjekt. Kunstnaren har samla inn informasjon og materiale frå elevar, tilsette og lærarar frå gamle Åsane vgs, tatt med bruddstykke av skulekvardagen og «arkivert» det i ei hylle. Gjennom prosjektet har kunstnaren konservert noko av historia, små glimt som vi får ta del i og tatt det med vidare inn i den nye bygningen. 

Mia Øquist_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 15.jpg
collage mia.jpg
Mia Øquist_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 17.jpg

 

Eva Kun:

Vegginstallasjon med lys: «Åtte undervegs». Blir vist i korridor i 3. etasje

I arbeidet ønskjer kunstneren å ta vare på kontinuiteten som ligg i naturen til korridoren. Samtidig tilfører ho variasjon ved hjelp av enkle, tilnærma kroppsstore geometriske og fargesterke former langs betongveggen. Formene er laga i lakkert aluminium. Med enkle grep utfordrar kunstnaren det perspektiviske rom og utvidar på den måten volumet til korridoren.

Eva Kun_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 19.jpg
Eva Kun_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 21.jpg
Eva Kun_Åsane VGS © Foto Pål Hoff.jpg

 

Elly Prestegård:

Tre forskjellige arbeid i handlaga washi/japansk papir i kombinasjon med trykk

Prestegård har tre ulike arbeid i handlaga washi/japansk papir i kombinasjon med trykk i korridor i 4. etasje. Ho «målar» med farga fibermasse i vatn som blir lagt opp på store plater for lufttørking, slik at ein held på teksturen i overflata. Materiala – fibrane og vatnet – har ein eigen logikk i prosessen. Hovudstrukturen blir planlagd, så spelar ein på lag med det uføresette.

I den blå gangen heng «MED VIND». Tynne, lausrivne flak av papir flyt bortover den blå veggflata, som om vinden har tatt dei. Nokon trykk viser fragment av natur, eller historier som byrja ein heilt annan stad. To andre veggar har store felt med fibermåleri.

«Fugleperspektiv» er eit tredelt arbeid ved heisen. «Forbindelser» er laga av mange rektangulære papirflak monterte opp som i eit stort format, nesten som eit tapet, på ein fondvegg. Om du går tett innpå arbeida, ser du dei fine detaljene som oppstår i overflata.

Elly Prestegård_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 95.jpg
Elly Prestegård_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 93.jpg
Elly Prestegård_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 21.jpg
Elly Prestegård_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 24.jpg
Elly Prestegård_Åsane VGS © Foto Pål Hoff 12.jpg