Invitasjon til prekvalifisering: Kunst til Førde vidaregåande skule

Vestland fylkeskommune søkjer kunstnarar til open prekvalifisering for Førde vidaregåande skule. Søknadsfristen er 7. januar.

Førde får eit nytt og samla opplærings- og kompetansesenter. Det blir ei samlokalisering av studieretningane i Førde og eit felles miljø på tvers av fag.

Bygginga av den nye vidaregåande skulen har fått prosjektnamn «Delta». Skildring og analyse om bygningen og plassen er presentert i Kunstplanen.

Det er planlagt fleire ulike delprosjekt med kunst både ute og inne. Budsjettramma for kunstprosjekta samla er 4,8 millionar kroner.

Vestland fylkeskommune oppmodar no profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar til å melde interesse for prosjektet. Dei kan då verte aktuelle til både konkurransar og direkte oppdrag.

Vi ynskjer i denne omgangen

  • innsendt søknadsskjema
  • ein pdf på maksimalt 12 sider som viser til tidlegare relevante
  • kunstnariske prosjekt
  • CV

Storleik på pdf er maksimalt 8 MB.