Frivillig kulturliv i Vestland

Vestland har eit sterkt frivillig kulturliv med mange store og små lag og organisasjonar.

illustrasjonsfoto frå Trivselsskogen på Sandane
INKLUDERING: Frivilligstrategien for Vestland er særleg retta mot mål 4 i utviklingsplanen for fylket, om like moglegheiter for å delta i verdiskaping. Strategi 4.1 er sentral: Vestland skal fremje opne og inkluderande arenaer for deltaking i kultur, frivillig arbeid og sivilsamfunn. (Illustrasjonsfoto frå Trivselsskogen på Sandane: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune skal vere med å støtte opp om frivillig verksemd og amatørkulturen i fylket gjennom tilskot, møteplassar, dialog og kunnskapsbygging.

Det frivillige kulturlivet skapar aktivitetar innan teater, dans, musikk, kor, handverk, historieformidling, visuell kunst, kunsthandverk og andre område. Svært mange deltek som frivillige under festivalar og store kulturarrangement.

Vestland fylkeskommune støttar opp under det frivillige kulturlivet og amatørkulturen gjennom mellom anna tilskotsordningar til drift av regionale kulturorganisasjonar, midlar til prosjekt og tiltak og ved å invitere til møteplassar for å styrke nettverka og bygge kunnskap.

Kulturbygga og andre møteplassar for aktivitetar og formidling er viktige for å skape eit rikt frivillig kulturliv. Vi vil legge til rette for auka samspel mellom profesjonelle og frivillige kulturorganisasjonar og mellom kommunane og frivilligheita.

Frivillig kulturliv blir ofte omtalt som amatørkultur. Amatør er fransk og betyr «ein som elskar» og finst også på latinsk, brukt om personar som gjer noko fordi dei likar – eller elskar – å gjere det.