Ekstraordinære midlar til kultur- og idrettsaktivitet som er råka av koronapandemien

Vestland fylkeskommune lyser ut ekstraordinære midlar i ei tilskotsordning som skal stimulere til gjenopptaking av kultur- og idrettsaktivitet i fylket. Det er til saman sett av 9 300 000 kroner til denne ordninga.

Pengane skal fordelast mellom desse områda:

  • idrett og friluftsliv
  • frivillig kulturliv
  • profesjonelt kulturliv

Støtta skal hovudsakleg gå til eller gjennom verksemder og organisasjonar med regionale nedslagsfelt og verkeområde.

Føremål med ordninga

Hovudmålet er å gjenopprette og stimulere til vidare aktivitet innan både det profesjonelle og det frivillige kunst-, kultur- og idrettsfeltet i Vestland etter  koronapandemien.

Kven kan søke

  • Ordninga gjeld for aktørar innan det det frivillige kultur- og idrettsfeltet og det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Vestland.
  • Søkjarane må vere offentlege eller private organisasjonar, verksemder eller institusjonar.
  • Søkjarane må ha organisasjonsnummer.
  • Organisasjonar eller institusjonar som har fått driftsstøtte frå Vestland fylkeskommune vil verte prioriterte, men andre kan også søkje støtte om tiltaket har tilstrekkeleg regional verdi.

Søknadsfrist

10. oktober 2021.

  • Tiltak og aktivitetar som skal bidra til å gjenopprette og skape ny aktivitet etter pandemien.
  • Omsøkt aktivitet skal vere lokalisert i Vestland og gå føre seg i tidsrommet juni 2021 til juni 2022.
  • Regionale paraply- og nettverksorganisasjonar både innan profesjonell kunst og kultur, frivillig sektor og idrett og friluftsliv har høve til å vidareformidle midlar til medlemane eller brukarane sine. Søknaden må då innehalde klart føremål og plan for slik vidareformidling.
  • Enkeltverksemder kan søkje om tilskot på inntil 200 000 kroner.
  • Nettverks- og paraplyorganisasjonar som søkjer på vegner av fleire medlemmer eller deltakarar, kan søkje om inntil 1 million kroner.
  • Ordninga har ikkje som hovudhensikt å kompensere for tap som kulturlivet opplever under pandemien, men først og fremst å stimulere til gjenopptaking og ny aktivitet etter pandemien. Det er staten som har hovudansvaret for kompensasjon av tap som dei pålagte restriksjonane har ført til og vil føre med seg. Samtidig er det mogleg for einskilde organisasjonar å søkje om ev. krisemidlar. I så tilfelle må den einskilde argumentere for og dokumentere kvifor dei står i ein særskild situasjon, som ikkje har kunne løysast av t.d. statlege eller andre tilskots- og kompensasjonsordningar.

Følgjande punkt vert lagt til grunn for vurderinga:

  • behovet for ekstra tiltak
  • behovet for ekstraordinære midlar for å gjennomføre den aktuelle aktiviteten eller tiltaket
  • kvalitativt nivå på prosjekt og søknad
  • regional kulturverdi
  • motteke driftsstøtte 2021
  • tiltaket kan ikkje finansierast av statlege eller andre kompensasjonsordningar
  • konsekvens av av ev. inntektsbortfall

Avdelingsdirektør skal sette ned ei tverrfagleg gruppe i avdeling for kultur, idrett og inkludering som skal førebu saka om tildeling for politisk handsaming.

Kultursatsingane i Vestland fylkeskommune er vedtekne gjennom regional plan for kultur i Hordaland 2015–2025; PREMISS: KULTUR, og i regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019–2027; Kultur for alle. Planane gjeld i det geografiske området dei er vedtekne i fram til regional plan for kultur i Vestland er vedteken. Planane vil liggje til grunn for fylkeskommunen sine prioriteringar og er viktige reiskapar i vurderinga av søknadar.

Tal på søknadar og samla søknadssum vil vere avgjerande for korleis midlane vert fordelte. Støtte gjennom denne støtteordninga er ikkje rettigheitsbasert.

Du sender inn søknaden på elektronisk søknadsskjema (lenke til høgre på sida her). For å få støtte må søknaden gjere tilstrekkeleg greie for

  • føremål for og innhaldet i prosjektet eller tiltaket, og korleis dette er knytt til pandemisituasjonen
  • informasjon om korleis arbeidet er planlagt gjennomført
  • budsjett

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune.

Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl.

Avdeling for kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast.

Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrommet som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.

Midlane kan betalast ut på førehand, og tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført, og seinast eitt år etter vedtak om tilskot.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll. Misleghald i bruk av tilskotet kan føre til krav om attendebetaling av heile eller deler av tilskotet, eller eventuelt andre sanksjonar.

Vedtak kan klagast på etter forvaltningslova § 28, som omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar får melding om vedtaket.

Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klagen skal sendast til Vestland fylkeskommune