Ekstraordinære midlar til kultur- og idrettsaktivitet råka av koronasituasjonen

Vestland fylkeskommune lyser no ut 17 883 000 kroner til kultur- og idrettsaktivitet som er råka av koronapandemien. Søknadsfristen er 2. november kl. 15.00.

Private og offentlege verksemder kan søkje om dei ekstraordinære midlane.

Pengane skal fordelast mellom desse områda:

  • idrett og friluftsliv
  • frivillig kulturliv
  • profesjonelt kulturliv

Målet er å halde oppe ordinær kultur- og idrettsaktivitet i Vestland trass i innskrenkingane som koronasituasjonen fører med seg.

Du kan lese meir om bakgrunnen for dei ekstraordinære koronamidlane i saksframlegget til hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Kven kan søkje

Søkjaren må vere offentlege eller private verksemder.

Verksemder som har fått driftsstøtte frå Vestland fylkeskommune i 2020 er prioriterte.

Kva kan ein få støtte til?

Aktiviteten som får støtte, må vere lokalisert i Vestland.

Skal sikre aktivitet og langsiktig planlegging

Verksemder kan få støtte til allereie planlagt aktivitet i 2020 eller 2021, som har fått eller får auka utgifter grunna avgrensingar som koronapandemien medfører.

Den aktuelle pandemisituasjonen er i endring og vanskeleg å forutsjå. Tildelt beløp kan såleis bli avkorta dersom endringar i situasjonen gir auka inntekter på gjennomføringstidspunktet. Døme på dette kan vere høve til auka billettsal, deltakaravgift, eigeninntekter og liknande.

Ordninga har ikkje som hovudhensikt å kompensere for tap som kulturlivet opplever under pandemien. Ho skal først og fremst sikre aktivitet og gje høve til langsiktig planlegging.

Regionale organisasjonar kan vidareformidle

Regionale paraply- og nettverksorganisasjonar innan frivillig sektor og idrett og friluftsliv kan vidareformidle midlar til medlemmane sine. Søknaden må då innehalde føremål og plan for slik vidareformidling.

Opnar for å søkje tapskompensasjon

Staten har hovudansvaret for kompensasjon av tap som dei pålagte restriksjonane har ført til og vil føre med seg. Vi opnar likevel for å søkje om kompensasjon for tap, men det må då gå klart fram av søknaden kvifor tiltaket ikkje er omfatta av statlege eller andre kompensasjonsordningar.

Fylkeskommunen legg til grunn følgjande punkt når vi vurderer søknandane:

  • Regional kulturverdi
  • Motteke driftsstøtte 2020
  • Verksemda/tiltaket fell ikkje inn under statlege eller andre kompensasjonsordningar
  • Behovet for ekstraordinære midlar for å gjennomføre den aktuelle aktiviteten/tiltaket
  • Konsekvens av inntektsbortfall

Tal søknadar og samla søknadssum blir avgjerande for korleis vi fordeler midlane. Støtte gjennom denne støtteordninga er ikkje rettigheitsbasert.

Fylkesdirektøren tek sikte på å setje ned ei tverrfagleg gruppe i avdeling for kultur, idrett og inkludering som skal førebu saka for politisk behandling.

Fylkeskommunen støttar tiltak som har ei regional rolle eller ein regional funksjon. Vi kan ikkje kompensere for aktivitetar og verksemder som først og fremst er eit lokalt ansvar.

Omgrepet regional viser her til to prinsipielle hovudkriterium:

  • Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde): Om aktiviteten omfattar
    fleire kommunar og/eller om aktiviteten vert gjennomført i meir enn to kommunar.
  • Funksjonskriterium: Regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og
    særpreg.

Alle tilrådde kulturaktivitetar eller arrangement skal ha ein regional verdi (geografisk og/eller funksjon). Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Fagleg kvalitet kan også ligge til grunn for at eit tiltak har regional verdi.

I tråd med kulturlova er det kommunane som skal leggje til rette for og sikre eit breitt lokalt kulturtilbod der folk bur og arbeider. Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, og ha oversyn over og sikre tilgjenge til meir spesialiserte eller regionale kulturtilbod.