Kulturkonferansen 2020

Digital konferanse 16. oktober 09.00–15.00: Korleis kan kunst og kultur bidra i samfunnsutviklinga og styrkje fellesskapa i Vestland?

Bilete av steinskulptur, søyler i stein. to gutar sit og pratar i lag.
Tingveggen av Bård Breivik, på Tusenårsstaden Gulatinget. Foto David Zadig.

Kulturens samfunnsbyggande kraft

Hovudbodskapen i kulturmeldinga er at kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggande kraft. Eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad for ytringsfridom, ei opplyst offentlegheit og demokrati. Konferansen tek opp spørsmål som på ulike måtar knyter seg til kultur som kraft i samfunnsutviklinga.

Konferansen i opptak

Grunna tekniske problem undevegs i konferansen er det to ulike lenker som viser første og siste del av konferansen. Alt er med og alt har bra lyd. Første del sluttar etter Hilde Sandvik sitt innlegg (11.50-12.05 i programmet). Andre del startar med statssekretær Gunhild Berge Stang som innleiar til samtale mellom Hilde Sandvik, Øystein Strand og Line Anni Solbakken. Innslaget med utfordringar frå kulturlivet kjem etter dette. 

Konferansen har tre hovudtema

Grønt vegkart for kultur

Kva kan liggje inne av nye og meir miljøvenlege løysingar i vegkartet, og kva inneber satsinga for Vestland? Gjennom Grønt vegkart for kultur skal kultursektoren bidra til ei meir berekraftig utvikling for Norge.

Kultur under pandemien

Kva er utfordringane vel eit halvt år etter nedstenginga, og korleis bør vi møte dei? Smitteverntiltaka i samband med koronapandemien har hatt omfattande økonomiske konsekvensar for kulturlivet. Samstundes er nye digitale tilbod utvikla, og digitaliseringa har endra styrkeforholdet mellom aktørane.

Kommune 3.0 – medborgarskap og meistring

Korleis samskaper og samhandlar vi i den nye kommune- og fylkesstrukturen i Vestland? Kommune 3.0 er samskapingskommunen der politikarane, tilsette, innbyggjarane og næringslivet saman finn ut korleis eit behov eller ei utfordring skal møtast. Målet er meistring og ansvarleggjering av eigne innbyggjarar.

Program

Her kan du bla i og laste ned programmet. Vel fullskjermsvising nede i høgre hjørne:

09.00-09.20 - Opning

Programleiar: Per Morten Ekerhovd, direktør kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune

  • Velkomen ved Per Morten Ekerhovd
  • Kunstnarisk innslag: Fato Kamara
  • Helsing ved Natalia Golis, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune
  • Helsing ved Gunhild Berge Stang, statssekretær i Kulturdepartementet

09.20-11.00 - Grønt vegkart for kultur 

Programleiar: Stian Davies, leiar i hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune

09.20-09.40: Grønt vegkart for kultur – korleis kan kultursektoren bidra til ei meir berekraftig framtid for Norge?

Linnea Svensson, prosjektleiar Grønt vegkart for kultur

09.40-10.00: FNs berekraftmål – kva er kommunane si rolle?

Anne Romsaas, seniorrådgjevar forsking, innovasjon og digitalisering i KS

10.00-10.20: Klimagevinsten ved sirkulær økonomi og gjenbruk av eldre bygningsmasse

Simen Bjørgen, direktør i Norsk kulturminnefond

10.20-11.00: Tre døme

  • Grøn festival ved Elise Hessevik, prosjektansvarleg i Brak
  • Bislett Games – eit berekraftig arrangement ved Anne Farseth, nestleiar i Bislettalliansen og visepresident i Norges friidrettsforbund
  • Grønt vegkart – kva gjer vi i Vestland fylkeskommune? – ved Sissel Lillebø Aarseth, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune

11.00-11.30 - Pause

11.30-13.00 - Kultur under pandemien 

Programleiar: Hilde Sandvik, journalist og redaktør

11.30-11.50: Kva er utfordringane for kulturlivet vel eit halvt år etter nedstenginga, og korleis bør vi møte dei?

Leo Grünfeld, forskingsleiar i Menon Economics

11.50-12.05: Kulturen og pandemien – korleis har kulturlivet i Norden det under pandemien?

Hilde Sandvik

12.05-12.15: Kulturlivet utfordrar – innspel frå arrangørar

12.15-13.00: Med det vi veit no - korleis ivareta kultursektoren gjennom pandemien?

Innleiing ved Gunhild Berge Stang, statssekretær i Kulturdepartementet  

Samtale leia av Hilde Sandvik:

  • Kristin Danielsen, direktør i Norsk kulturråd
  • Øystein Strand, konstituert direktør i Kulturtanken
  • Line Anni Solbakken, spesialrådgjevar kultur og utdanning i KS

13.00-13.30        Pause

13.30-15.00 - Kommune 3.0 – medborgarskap og meistring 

Programleiar: Hilde Bjørkum, kommunalsjef kultur og idrett i Sunnfjord kommune

13.30-13.50: Kommune 3.0, smartkommune og samskapingskommune

Frode Lindtvedt, avdelingsdirektør lokaldemokrati, europapolitikk og internasjonalt arbeid i KS

13.50-14.05: Framtidas kulturskule, kulturskulen som medskapar

Torkel Øien, rådgjevar i Norsk kulturskoleråd og KS

14.05-14.35: Tre døme

  • Innbyggarstyrt stadsutvikling i Vevring – kan vi ta kontroll over eiga framtid der vi bur? Ørjan Stubhaug, rådgjevar i Sunnfjord kommune
  • Alle med, inkluderingsprosjekt i Norges idrettsforbund. Håvard Øvregård, seniorrådgjevar verdiarbeid i Norges idrettsforbund
  • Bergen offentlige bibliotek – inkludering og mangfald. Leikny Haga Indergaard, biblioteksjef

14.35-15.00: Samhandling og samskaping i praksis – korleis gjer vi det? Har vi rette metodar og verkemiddel for samhandling mellom forvaltningsnivåa og mellom forvaltninga og kulturaktørane?

Samtale leia av Hilde Bjørkum:

  • Terje Heggheim, kommunedirektør i Kinn kommune og leiar i kommunedirektørutvalet i KS Vestland
  • Katrine Nødtvedt, byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen kommune
  • Natalia Golis, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune
  • Solrun Toft Iversen, teatersjef i Det Vestnorske Teateret

15.00   Avslutning ved Per Morten Ekerhovd, direktør kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.