Avlysingar i Den kulturelle skulesekken (DKS)

DKS Vestland avlyser dei fleste program i fylkeskommunal regi også i mai og juni grunna risiko for koronasmitte.

Nokre program kan det vere aktuelt å gjennomføre digitalt eller med einskilde tilpassingar innanfor allereie avtalte økonomiske rammer. DKS Vestland går i dialog med dei aktuelle utøvarane/programtilbydarane om dette.

Utøvarar/programtilbydarar får betalt for avtalte oppdrag i perioden, men med atterhald om at program kan gjennomførast på eit seinare tidspunkt om fylkeskommunen ynskjer det og utøvar har høve til det. Honorar for avlyste program vert likevel ikkje utbetalt om inntektstap er dekt gjennom andre støtteordningar.

Fylkesutvalet har også vedteke å hjelpe kulturlivet gjennom koronakrisa.

Her har vi samla informasjon om korona-epidemien, som er relevant for innbyggjarar og tilsette i Vestland.