Tilskot til forvaltning og drift av verna fartøy

Fartøyvern er eit fagområde der frivillige, lag og organisasjonar tar på seg eit stort fagleg og økonomisk ansvar. Tilskotsordninga for forvaltning og drift er eit bidrag frå det offentlege for å støtte opp under dette arbeidet.

Fartøy utgjer ein viktig del av den norske kulturarven, og Vestland er det fylket med flest freda og verneverdige fartøy i landet.

Fristen for å søkje tilskot til forvaltning og drift av verna fartøy er 1. februar 2020.

Føremål med ordninga

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til frivillig aktivitet der det skal vere mogleg for alle å engasjere seg og bidra til å fremje kystkulturen som del av vår felles kulturarv og identitet, som kjelde til kunnskap, oppleving og verdiskaping, gjennom støtte til drift og forvaltning av større verna eller freda fartøy i Vestland.

Kven kan søkje – absolutte kriterium

Målgruppa for ordninga er eigarar og forvaltarar av større, flytande kulturminne i Vestland. Kommunar, foreiningar, stiftingar, andre samanslutningar og private kan søkje. Aksjeselskap som får driftsstønad må vere ideelle, det vil seie at eigarane ikkje kan ta utbytte frå selskapet.

Fartøyet må vere over 100 bruttoregistertonn eller ta minst 20 passasjerar.

Det kan berre søkast tilskot for fartøy som har fått, eller vil få tildelt status som verna fartøy, eller som er freda av Riksantikvaren.

Fartøyet må ha heimeadresse i Vestland. Etter nærare vurdering kan kravet fråvikast dersom fartøyet har størsteparten av seglingstida si i Vestland.

Det kan ikkje tildelast tilskot til fartøy som staten eller fylkeskommunen er eigarar av.

Kva kan støttast – absolutte kriterium

Vi kan gje tilskot til slike tiltak:

  • Dekning av naudsynte driftskostnadar til fartøyet som kulturminne. Dette kan t.d. vere utgifter i samband med periodisk ettersyn, service av maskineri og teknisk utstyr, brannsikring av kulturminnet.
  • Å sikre naudsynt forbruksmateriell og reservedelar til fartøyet. Dette kan t.d. vere propelldelar, motordelar og anna utstyr som er vanskeleg å få tak i, eller er gått ut av produksjon.
  • Utgifter til planlegging og kompetanseheving, så som utarbeiding av FDV-planar og kursavgift for frivillige.
  • Sikring av kompetanseoverføring ved dokumentasjon, bevaring og formidling av immateriell kulturarv knytt til handlingsboren kunnskap om drifta av fartøyet.

Vi gir ikkje tilskot til tilrettelegging av den kommersielle drifta av fartøyet, så som kantineutstyr, suvenirsal, billettsal, arrangement eller annonsering/reklame, m.m.

Vi gir ikkje faste, årvisse tilskot.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad – skjønn

Søknadar som fyller grunnvilkåra skal vurderast heilskapleg i høve føremålet med ordninga og ei vekting av fylgjande kriterium:

  1. Søkjar sin dokumenterte gjennomføringsevne og eigeninnsats
  2. I kva grad tildelinga
    1. vil løyse særlege utfordringar i høve tilstandsgrad og teknisk drift av fartøyet
    2. kjem ålmenta til gode, styrkar rekruttering og inkludering

Søknaden må innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon og minst gjere greie for følgjande:

  • Fartøyet sin formelle vernestaus
  • Behov for driftstilskotet og målsetting
  • Plan for gjennomføring og bruk av midlane
  • Punktvis søknad om stønad til konkrete utgifter til forvaltnings- eller driftsoppgåver
  • Finansieringsplan og detaljert budsjett (skal nyttast til seinare rapportering)
  • Effekt av tilskotet for ålmenta

Søknaden skal vere signert av ansvarleg søkjar. Dersom andre enn eigar er søkjar, skal søknaden også vere signert av eigar eller rett representant for eigar. Dersom søknaden er mangelfull, kan det verte høve til å rette dette innan ein nærare fastsett frist. Dersom manglane ikkje er retta innan fristen, kan søknaden verte avvist.

For å få tilskot er det ein føresetnad at søknaden fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal fylkeskommunen gje ei samla fagleg vurdering av søknaden.

Søkjar skal rapportere status innan utgangen av tildelingsåret og endeleg rapport må innleverast innan 15. november i det påfølgande år. Rapporten skal innehalde:

  • Relevant dokumentasjon som klart viser korleis drift og forvaltning er gjennomført og om måla er nådd
  • Utgreiing av gjennomført drift og eventuelle avvik frå budsjett/planen for arbeidet
  • Rekneskap med oversikt over kostnadar og samla finansiering, spesifisert på:
    • Stat eller fylkeskommune
    • Kommune
    • Tilskot frå andre offentlege organ (t.d. Kulturminnefondet, Kulturrådet)
    • Anna finansiering (spesifisert)
    • Eigeninnsats/eiga finansiering

Søkjar skal elles varsle fylkeskommunen dersom ein ønsker å gjere vesentlege avvik frå søknaden.

Om tilskotsmottakar er knytt til revisor og tilskotet er 300 000 kr eller høgare, skal tilskotsmottakar òg sende inn revidert årsrekneskap, signert av tilskotsmottakar, ev. ved styret. Det er òg krav om særattestasjon frå revisor på rekneskapen og ev. timelister knytt til arbeidet/tiltaket/prosjektet.

Fylkeskommunen kan, uavhengig beløp på tilskotet, krevje at det vert sendt inn kopiar av bilag til  rekneskapet. Utbetalingsanmoding må underbyggast av kopi av faktura(er) som minst tilsvarar tilskotet frå fylkeskommunen.

Fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til tilkomst til tiltaket og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at utbetalingar vert haldne attende og at vedtaket om tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Om kostnadane vert rimelegare enn budsjettert i søknad, eller om drifta ikkje vart gjennomført etter føresetnadane, skal dei overskytande midlane førast attende til fylkeskommunen. Dersom mottakar gir uriktige opplysningar eller det ligg føre vesentlege avvik frå søknaden, kan vedtaket om tildeling verte gjort om heilt eller delvis. Midlane kan i så tilfelle krevjast ført attende heilt eller delvis.

Du kan klage på vedtaket etter forvaltningslova § 28. Klagenemnda for Vestland fylkeskommune er klageinstans. Klage vert sendt til Vestland fylkeskommune, avdeling for kultur, idrett og inkludering. Klagefrist er 3 veker frå søkjar fekk melding om vedtaket.

I Vestland fylkeskommune si underretning til søkjarane om vedtak skal det mellom anna opplysast om klagetilgang, klagefrist og partsinnsyn mv., jf. forvaltningslova § 27 tredje ledd.