Varsel om oppstart av fredingssak for Otternestunet/Åtnes

Vestland fylkeskommune har starta opp fredingssak for eigedomen 33/9 og delar av gb.nr. 33/1, 3, 8, 38 og 41 i Aurland kommune, jf. lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne (kulturminnelova) §§ l5 og 19, jf. § 22.

Forslaget omfattar alle bygningar i tunet på gb.nr. 33/9. I tillegg vil hagar/grøntanlegg knytt til dei ulike bruka i tunet og enkelt større inventar, bli vurdert for freding med heimel i kulturminnelova § l5. For å sikre verknaden av anlegget i miljøet, er det føreslått at eit område omkring vert freda med heimel i kulturminnelova § 19. Det gjeld gb.nr. 33/1, 3, 8, 9, 38 og 41.

Frist for merknadar

Eventuelle merknadar til varsel om freding skal sendast Vestland fylkeskommune innan 4. desember 2020. Fylkeskommunen lagar så eit framlegg om freding, som vert sendt på høyring til berørte partar og lagt ut til offentleg ettersyn.

kart som syner kva område ved Otternes i Aurland fylkeskommunen no startar fredingssak for