Tilskot til historiske ferdsleårar, stiar og vegar (Frivilligåret 2022)

Klima- og miljødepartementet har sett av midlar til lokalt, frivillig arbeid med å tilrettelegge, skjøtte og formidle lokale historiske ferdsleårer, stiar og vegar i 2022. Søknadsfristen er 15. februar.

Tilskotsordninga er del av markeringa av frivilligåret 2022 og skal bidra til å løfte frem det frivillige kulturmiljøarbeidet og få fleire til å engasjere seg i frivillig arbeid.

Kvar einskild foreining/lag/organisasjon kan søke om tilskot på inntil 100 000 kr.

Kven kan søkje?

Ordninga gjeld for lag, foreiningar og organisasjonar som driv frivillig arbeid.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 15. februar.

Kva kan ein få støtte til?

Det kan søkjast om støtte til arbeid på historiske stiar, vegar, ruter, rundar og andre ferdsleårer, eller delar av desse.

Midlane kan gå både til etablering og opning av nye historiske ferdsleårer eller revitalisering av eksisterande. Det gis midlar til å gjennomføre ulike tiltak for å synleggjere, skjøtte, tilrettelegge og formidle lokale, historiske ferdsleårer. Ferdsleårene må ha blitt nytta til ferdsel og transport i tidlegare tider eller vere knytt til eit historisk tema. Tiltaket må legge til rette for auka engasjement og synleggjering av dei lokale, historiske ferdsleårene i 2022.

Søknaden må innehalde ein kort prosjektomtale som omfattar

  • organisering av arbeidet
  • framdrift, budsjett
  • finansiering
  • kontaktinformasjon

Sakshandsaming

Søknadane vert handsama i Vestland fylkeskommune sitt hovudutval for kultur, idrett og integrering som gjer vedtak om prioritering av søknadane. Deretter vert søknadane sendt samla over til Riksantikvaren, som på grunnlag av fylkeskommunen sin prioritering fordeler midlane og sender tilskotsbrev til søkjarane. Melding om tildeling vil ligge føre i midten av april. 

Rapportering

Søkjar skal rapportere til fylkeskommunen på gjennomføring av tiltaket.

Tiltaket må vere gjennomført i løpet av 2022.