Høyring: Forslag om freding av Ystås i Voss herad

Vestland fylkeskommune føreslår å frede Ystås, gnr. 615 bnr. 1, 3, 4 og 5 i Voss herad. Forslaget er no ute til offentleg ettersyn, og fristen for å kome med merknadar er 22. april.

Foto frå gardstunet Ystås på Voss. Mange hus samla i ei klynge.

Fredingsforslaget gjeld 15 bygningar i tunet og på innmarka og blir gjort med heimel i kulturminnelova § 15 og § 19, jf. § 22.

For å sikre verknaden av anlegget i miljøet føreslår fylkeskommunen å frede eit område kring kulturminnet. Området er merka med rosa markering i kartet under. 

Kart som syner kva område fylkeskommune føreslår å frede på Ystås i Voss herad.

Forslaget vert lagt ut til offentleg ettersyn i Voss herad og Vestland fylkeskommune. Du finn meir informasjon i desse høyringsdokumenta: