Frivilligåret 2022 i Vestland
2022 er frivilligheita sitt år. Vestland fylkeskommune markerer året med frivilligkonferansar, ekstra tilskotsmidlar og ein heilt ny frivilligpris.

På denne sida får du informasjon om komande tiltak i Frivilligåret 2022 i Vestland.
Aktuelle tiltak
- Frivilligkonferansen 2022 blir arrangert 18. juni, med ei forarrangement kvelden i førevegen.
- Frivilligprisen Vestland skal delast ut for første gong i frivilligåret. Med denne prisen vil fylkeskommunen heidre ein initiativrik person, organisasjon, gruppe eller foreining, som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska og samfunnet i Vestland, anten over lengre tid eller i eit tidsavgrensa prosjekt. Du kan lese meir om prisen og nomiere kandidatar her.
Tidlegare i vår lyste fylkeskommunen ut 500 000 kr i tilskot i samband med Frivilligåret 2022. Hovudutval for kultur, idrett og integrering fordelte midlane 24. mai. Saman med 800 000 kr til prosjekt og tiltak i det frivillige kulturlivet, vart det løyvd til saman 1,3 millionar kroner til frivillig organisasjonsliv i Vestland denne dagen.
Samarbeidskomité
Fylkeskommunen har fått med seg paraplyorganisasjonane for frivillig sektor i arbeidet med å planlegge Frivilligåret 2022 i Vestland. I samarbeidskomiteen for frivilligåret sit
- Vestland fylkeskommune
- Vestland idrettskrets
- Vestland musikkråd
- Forum for Natur og Friluftsliv
- Vestland innvanderråd
- Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland
- Vestland frivilligsentralar
- Voksenopplæringsforbundet Vestland
- Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)