Utlysing av stipend til bibliotektilsette i Vestland

Tilsette på alle biblioteka i Vestland fylke kan no søkje reisestipend til ulike kurs og konferansar i Europa. Søknadsfristen er 24. april.

Vestland fylkeskommune har fått støtte frå Erasmus+-programmet til prosjektet «Folkebibliotek i Vestland fylkeskommune som integrerings- og læringsarenaer»

Bibliotekutvikling lyser ut støtte til deltaking på eit kurs eller konferanse og to studieturar i tidsrommet frå hausten 2020 til våren 2021. I søknadsskjema er det høve til å prioritere, dvs. at viss du ikkje kjem med på førstevalet, blir du vurdert til andrevalet osv. 

MERKNAD. Det kan bli aktuelt å skyve på tiltak som er planlagt hausten 2020 til hausten 2021. Det gjeld både konferansar og studieturen til Helsinki.

Stipend til deltaking på kurs eller konferanse i Europa

Kurset eller konferansen må vare minst to dagar. Stipendet er til deltakaravgift, reise og opphald. Tema for konferansen må vere  innanfor føremålet med Erasmus+-tildelinga. Det vert utdelt fem stipend, kvart på 11 000 kr.

Mottakar organiserer i utgangspunktet reise og deltaking sjølv. Dersom det er fleire deltakarar til same konferanse, kan seksjon for bibliotekutvikling i fylkeskommunen organisere reise og deltaking. 

Konferansar det kan søkjast om deltaking på er:

  • World Library and Information Conference IFLA, Dublin, 15.–21. august 2020
  • Internet Librarian International. The Library Innovation Conference, London, 13.–14. oktober 2020
  • The Edge Conference, Edinburgh 2021 (årleg i slutten av februar, sjå program for 2020)
  • Next Library, Århus, juni 2021(i juni, men endå ikkje planlagt for 2021)

Studieturar med vekt på biblioteket som integrerings- og læringsarenaer

Stipendet dekker reiseutgifter inntil 2600 kr, kost og hotell inntil 1700 kr per dag. Seksjon for bibliotekutvikling organiserer reise frå Bergen og bestiller hotell. Det blir laga detaljert program for kvar reise.

  • Helsinki: veke 44, 2020,  3 dagar + 2 reisedagar. 8 stipend.

1 dag: Iso Omena eller anna bibliotek.

2 dag: Det nyaste og det eldste biblioteket i Helsinki: Oodi og Rikardinkatu.

3 dag: Kontulan/Gårdsbaca eller anna bibliotek.

  • Bibliotek i Västre Götaland, Halland og Skåne: veke 16, 2021. 8 stipend.

                Frå Göteborg til Malmö: 8–10 bibliotek på 5 dagar