Tilskot til utvikling av digitale tenester

Hovudutval for kultur, idrett og integrering har løyvd kr 450 000 til digital formidling og utvikling av digitale tenester, som folkebibliotek kan søke om.

Som følgje av koronakrisa og smitteverntiltak har ikkje biblioteka i Vestland fylke hatt normal drift med publikumstenester og arrangement i biblioteket. Biblioteka har i stor grad flytta drifta si over til digitale plattformer, og fylkeskommunen ønskjer å støtte utvikling av digitale tenester i biblioteka i Vestland i ei utfordrande tid.

Søknadsfristen er 20. mai.

Kven kan søke?

Folkebibliotek i Vestland fylke kan søke. Bibliotek kan også søke saman.

Kva kan det søkast om?

Folkebiblioteka kan søke midlar til å utvikle og drive digital formidling for brukarane sine med følgjande føremål:

  1. Tiltak som byggjer opp digitale ressursar i biblioteket.
  2. Tiltak/prosjekt for digital formidling frå biblioteket, som til dømes digitale debattarrangement, lesestunder, foredrag og liknande.
  3. Andre tiltak/investeringar for å byggje opp digitale tenester i biblioteka, som oppgradering av nettstad, kompetanseheving, kjøp av utstyr, lisensar og liknande

Om tiltaket er støtta/søkt om frå andre fylkeskommunale/statlege tilskotsordningar, skal dette informerast om i søknaden. Mangelfull søknad vert ikkje handsame.

Maksimal søknadssum per prosjekt er 50 000 kr. Ramma for samla tildeling er 450 000 kr.

Tiltaket må støtte opp om digital formidling i unntakstilstanden mange er i som følgje av koronakrisa.

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon til at vedtak kan gjerast. Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema og m.a. innehalde

  • dokumentasjon som kort gjer greie for målet for tiltaket
  • informasjon om korleis arbeidet er planlagt gjennomført
  • informasjon om kven som er involvert
  • framdriftsplan
  • ei skildring av korleis tiltaket skal vidareførast etter tilskotsperioden
  • finansieringsplan/budsjett for tiltaket

Avdeling for kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak, og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som viker frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast.

Sluttrapport skal sendast Vestland fylkeskommune innan 31.12.2020. Han skal innehalde

  • ei kort skildring av gjennomførte tiltak og ev. avvik frå planen for tiltaket
  • rekneskap med oversikt over kostnadar og finansiering
  • dokumentasjon i form av foto, lenke til nettside, avisutklipp e.l.

Vestland fylkeskommune og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Administrasjonen kan gje utsetjing frå kravet om frist for innlevering av sluttrapport ved særlege høve. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Om tiltaket ikkje vert gjennomført skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar har fått melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.

Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga, og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klaga skal sendast til fylkeskommunen. Vi gjer merksam på at søkjarar etter forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.