Tilskot integreringsprosjektet Rom for møte

Fylkeskommuen lyser ut midlar til integreringsprosjekt. Prosjektet har som føremål å bidra til mangfald og betre integrering mellom nordmenn og innvandrarar i Vestland, ved å ta i bruk felles arenaer og aktivitetar. I prosjektet ønsker vi å få til auka samarbeid med lokale organisasjonar og institusjonar for å utvikle tiltak og arrangementet. Prosjektet har fokus på språkforståing og digital kompetanse, som sentrale inngangar til deltaking og inkludering i det norske samfunnet.

Fylkeskommunen har saman med Bergen Off. Bibliotek og Vestland Innvandrerråd blitt tildelt 1 420 000 kr frå Gjensidigestiftelsen til integreringsprosjektet Rom for møte 2019-2020. På grunn av Covid-19 har prosjektslutt blitt forlenga ut 2021.

Vestland fylkeskommune har totalt kr 60 000 tilgjengeleg for utdeling til kommunar utanom Bergen i 2021. Dei kan søke om midlar til lokal integreringsaktivitet, og ordninga er nå utvida til å gjelde heile Vestland.

Ordninga gjeld folkebibliotek i Vestland fylke. 

Biblioteksjef søkjer på vegner av kommune eller samarbeidspartnarar. Ved interkommunalt samarbeid, må ein kommune vere ansvarleg søkjar. Søkjarar som tidlegare har fått støtte, kan også søke for 2021.  

Budsjett: kr 60 000. Maksimal søknadssum: kr 20 000.

Bibliotek kan søke om midlar til å administrere aktivitetane (t. d. opp til 25 % i frikjøp knytt til større prosjekter), til materiale og arrangementsutgifter som honorar.

Folkebiblioteka kan søke om midlar for å skape gjensidige møteplassar i lokalsamfunna for flyktningar, andre innvandrarar og lokalbefolkninga innan fem tiltaksområde i samsvar med tildelinga frå Gjensidigestiftelsen.

1. Språkkaféar og norsktrening

Språkkaféar har vist seg å fungere godt både som uformelle møteplassar og for språkutvikling. Det kan t.d. søkast om midlar til å planlegge oppstart, besøke ein eksisterande språkkafé og/eller få besøk ved oppstart av ein med erfaring frå språkkafé, dessutan enkel servering. Ein kan søke saman med lokale krefter, dvs. organisasjonar og frivillige.

Norsktrening ses som et viktig innsatsområde i prosjektet, med muligheter for å utvide norsktreningstilbudet med ulike tiltak:

2. Lokale tradisjonar

Rom for møte har gitt midlar til lokalmiljø prosjekt innan til dømes handarbeid og den lokale kystkulturen. Det å møtes på tvers ved hjelp av tradisjonar er noko det kan søkast om i dette prosjektet også. Føremålet er møte kring felles interesser og at innvandrarar inviterast inn i det lokale fellesskapet.

3. Verkstadar

«Makerspace» er blitt ei trend innan bibliotek, der bibliotekrommet blir tatt i bruk til ulike praktiske aktivitetar. Det kan t.d. vere ein miljøklubb der ein t.d. kan lage ting av resirkulert materiale, lære om solcelleenergi og vindkraft ved hjelp av byggesett, ha fokus på matsvinn, resirkulering osv. Innkjøp av ev. utstyr må vere knytt til aktiviteten.  

4. Rom for forteljingar

Prosjektet ønsker å støtte lokal formidlingsaktivitet, med utgangspunkt i biblioteka som ein møteplass for å dele forteljingar og musikk på tvers av kulturar. 

5. Opne rom

Prosjektet opnar for brukarinitierte og/eller -styrte tiltak som eit eige innsatsområde, der lokale krefter og ressurspersonar kan vere enda tettare på planlegging og gjennomføring av aktivitet. Dette gir høve til å utforske samskaping og medskaping i biblioteket.

3. mai 2021

At det er ein plan og eit budsjett for gjennomføring av tiltaket. Tiltaket må gjennomførast innan utgangen av tildelingsåret.

Det blir gjort ei heilskapsvurdering av søknadane. Søknadane vert vurderte og prioriterte ut frå følgjande kriterium:

  • Tiltak som har eit tydeleg føremål, med plan og budsjett.
  • Samarbeid med andre.
  • Geografisk spreiing i fylket.

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon om prosjektet eller tiltaket for å verte tilrådd støtte.

Søknad skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.      

Avdeling for Kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og integrering. Innstilling vert grunngitt i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektøren si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrevet. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning. 

Tilsegn om tilskot gjeld inntil eitt år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. 

  • Tilsegna fell bort dersom søkjer ikkje har bedt om utbetaling av
  • Midlane kan verte inndregne dersom tiltaket ikkje er sett i gang innan utgangen av året

Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis. 

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført.

 

Tilskotsmottakar kan bli bedt om å dele erfaringar frå prosjektet med andre bibliotektilsette i fylket på bibliotekdagar, møte og liknande.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.