Tilskot Rom for møte - teknologi, spel, og integrering
Seksjon for bibliotekutvikling lyser ut midlar til integreringsprosjekt, der målet er at barn og unge kan møtast rundt felles interesser for teknologi og spel.
Føremål med ordninga
Føremålet med prosjektet er å bygge vidare på det gode arbeidet som vert gjort for å bidra til mangfald og betre integreringa lokalt i biblioteka. Det kan ein gjere ved å tilby digitalt utstyr og skape aktivitetar som utviklar sosiale møteplassar for barn og unge i lokalsamfunna, i samarbeid med frivillige og andre relevante aktørar.
Kven kan søke?
Folkebibliotek i Vestland fylke. Søkarar som har fått tildelt midlar før, kan også søke for 2020. Bibliotek kan òg søkje saman.
Kva kan ein få støtte til?
Folkebiblioteka kan søke om midlar innan fire ulike innsatsområde for å skape gjensidige møteplassar i lokalsamfunna - for flyktningar, andre innvandrarar og lokalbefolkninga i samsvar med tildelinga frå Gjensidigestiftelsen.
1. Spelrom i bibliotek
Vi ønskjer å skape møteplassar rundt felles interesser for unge på tvers av kulturar. Biblioteka i Vestland vil være av ulik størrelse og ressursar, der eit av måla i prosjektet er å utvikle modellar for spelrom i bibliotek som eit grunnlag for å skape aktivitet. Ein kan søke om midlar til spel, enkle møblar, spekonsollar, skjermar etc. Det blir ikkje gitt støtte til utbygging av lokale.
2. Makerspace og digitale verkstader
Eit anna innsatsområde er oppstart eller vidareføring av brukarverkstader, der bibliotekrommet blir tatt i bruk til ulike praktiske aktivitetar innan det digitale. Vi ønsker å løfte frem denne satsinga med å gje moglegheiter for å kjøpe inn utstyr for å teste bruken av ny teknologi. Dette tiltaket kan sjåast i samanheng med annan aktivitet, for eksempel språkkafé for unge eller andre språkaktiviteter.
3. Spel som en sosial aktivitet
Spel i seg selv er også en flott sosial aktivitet, som ikkje nødvendigvis er knytt til det digitale. Brettspel er populært og erfaringa viser at dette kan skape gode møteplassar for språkdeling- og utvikling, t.d. ved innkjøp av språkspela som brukas i språkopplæring og arrangere spelturneringar med brettspel.
4. Kodeklubbar
Det å forstå korleis datamaskiner fungerer er blitt en viktig del av unges kompetanse. Koding er ein kunnskap som går på tvers av språk og kan på den måten vere ein god inngang for felles interesser. I prosjektet ønsker vi utvikle kodeklubbar for unge flyktningar og innvandrarar der vi vil gi deltakarane den hjelpen de trenger for å kunne komme i gang med kreativt utforsking av digitale verktøy.
Støtte og finansiering
Potten er på kr 250 000. Maksimal søknadssum per prosjekt er kr 50 000.
Bibliotek kan óg søke om midlar til organisering og administrering av aktivitetane (t. d. opp til 25 % i frikjøp tilknytt større prosjekter).
Vurdering og krav til søknaden
Søknadar blir vurderte ut frå om tiltaket er i tråd med føremålet med ordninga, heilskap knytt til aktivitet, samarbeidspartar og budsjett.
For å få støtte må søknaden innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon:
- mål for prosjektet og presentasjon av innhald i prosjektet eller tiltaket
- informasjon om korleis arbeidet er planlagt gjennomført
- budsjett
De søkjer på elektronisk søknadsskjema.
Sakshandsaming og vedtak
Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl. Ta kontakt med sakshandsamar ved spørsmål.
Avdeling for Kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.
Oppfølging og rapportering
Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning. Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og
opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.
Klage
Vedtak kan klagast på etter Forvaltningslova §28, som omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar tok imot melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klagen vert sendt til Vestland fylkeskommune.