Tilskot Rom for møte 2020

Bibliotekutvikling lyser ut midlar til integreringsprosjekt.

Føremål

Prosjektet har som formål å bidra til mangfald og betre integrering mellom nordmenn og innvandrarar i Hordaland, ved å ta i bruk felles arenaer og aktivitetar. I prosjektet ønsker vi å få til auka samarbeid med lokale organisasjonar og institusjonar for å utvikle tiltak og arrangementet. Prosjektet har fokus på språkforståing og digital kompetanse, som sentrale inngangar til deltaking og inkludering i det norske samfunnet.

Kven kan søke?

Kommunale folkebibliotek i tidlegare Hordaland fylke. Søkarar som har fått tildelt midlar før, kan også søke for 2020. Bibliotek kan også søkje saman.

Folkebiblioteka kan søke om midlar for å skape gjensidige møteplassar i lokalsamfunna - for flyktningar, andre innvandrarar og lokalbefolkninga innan fem tiltaksområde i samsvar med tildelinga frå Gjensidigestiftelsen.

1. Språkkaféar og norsktrening Språkkaféar har vist seg å fungere godt både som uformelle møteplassar og for språkutvikling. Det kan t.d. søkast om midlar til å planlegge oppstart, besøke ein eksisterande språkkafé og/eller få besøk ved oppstart av ein med erfaring frå språkkafé, dessutan enkel servering. Ein søker saman med lokale krefter, dvs. organisasjonar og frivillige.

Norsktrening ses som et viktig innsatsområde i prosjektet, med muligheter for å utvide norsktreningstilbudet med ulike tiltak.

2. Lokale tradisjonar Rom for møte har gitt midlar til lokalmiljø prosjekt innan til dømes handarbeid og den lokale kystkulturen. Det å møtes på tvers ved hjelp av tradisjonar er noko det kan søkast om i dette prosjektet også. Føremålet er møte kring felles interesser og at innvandrarar inviterast inn i det lokale fellesskapet.

3. Verkstadar «Makerspace» er blitt ei trend innan bibliotek, der bibliotekrommet blir tatt i bruk til ulike praktiske aktiviteter. Vi ønsker å vidareføre dette tiltaket i prosjektet, som til nå har hatt fokus på det digitale. Det kan t.d. vere ein miljøklubb å lage ting av resirkulert materiale, lære om solcelleenergi og vindkraft ved hjelp av byggesett, ha fokus på matsvinn, resirkulering osv. Det er viktig at innkjøp av utstyr er tilknytt aktiviteten.

4. Rom for forteljingar Prosjektet ønsker å støtte lokal formidlingsaktivitet, med utgangspunkt i biblioteka som ein møteplass for å dele forteljingar og musikk på tvers av kulturar.

5. Opne rom Prosjektet opnar for brukarinitierte tiltak som eit eige innsatsområde, der lokale krefter og ressurspersonar kan vere enda tettare på planlegginga av aktiviteten. Dette vil være en muligheit for å skape for eksempel medskapnings-aktiviteter, med et større ansvar, men også en større fridom, til å sette i gang ut frå egne brukarønsker. Det er eit mål at aktivitetane skal baserast på felles interesser, som utgangspunkt for rom for møter i lokalsamfunnet.

Budsjett: kr 237 500. Maksimal søknadssum: kr 40 000. Bibliotek kan søke om midlar til å administrere aktivitetane (t. d. opp til 25 % i frikjøp tilknytt større prosjekter), til materiale og arrangementsutgifter som honorar.

Tiltaket må gjennomførast innan utgangen av tildelingsåret 2020.

Kultur, idrett- og inkluderingsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ein gong i månaden.

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon til at vedtak kan gjerast. Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema og m.a. innehalde: Dokumentasjon som kort gjer greie for målet for tiltaket, korleis arbeidet er planlagt gjennomført, kven som er involvert, framdriftsplan og ei skildring av korleis tiltaket skal vidareførast etter tilskotsperioden. Finansieringsplan/budsjett for tiltaket. Om tiltaket er støtta/søkt om frå andre fylkeskommunale/statlege tilskotsordningar, skal dette informerast om i søknaden. Mangelfull søknad vert ikkje handsama.

Sluttrapport skal sendast Hordaland fylkeskommune innan desember 2020. Den skal innehalde:

  • Ei kort skildring av gjennomførte tiltak og ev. avvik frå planen for tiltaket.
  • Rekneskap m/oversikt over kostnader og finansiering.

Ev. dokumentasjon i form av foto, link til nettside, avisutklipp e.l. Vestland fylkeskommune og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Administrasjonen kan gje utsetjing frå kravet om frist for innlevering av sluttrapport ved særlege høve. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis. Om tiltaket ikkje vert gjennomført skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar motteke melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til vlfk@vlfk.no. Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19