Tilbod til vidaregåande skule

Skulebiblioteket skal støtte og fremje dei utdanningsmåla som er nedfelt i målsettinga til skulen og i læreplanar. Skulebiblioteket er ein institusjon som kan nyttast for å nå målsetjinga både om auka læringsutbytte og hindre fråfall.

Rådgjeving og kurs

Fylkesbiblioteket er rådgjevande organ for skulebibliotekarar i Hordaland. Vi svarer på spørsmål, besøkjer skular og arrangerer kurs for dei tilsette på skulebiblioteka. Vi deltek også i planlegginga av nye skulebibliotek i fylket. 

Felles bibliotekkatalog

Biblioteka i vidaregåande skular i Hordaland har hatt ein felles bibliotekkatalog. Biblioteksystemet skal ut på anbod i 2021, og ein vil arbeide med å inkludere dei aktuelle vgs-biblioteka i tidlegare Sogn og Fjordane i ein felles Vestland-base.

Ny strategi

Det er sett i gang eit arbeid med å utarbeide ein strategisk plan for utvikling av skulebiblioteka i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Saksframlegg og vedtak i fylkestinget.