Biblioteka og koronatiltak

Her er informasjon om stoda for ulike tenester og tiltak i samband med koronaepidemien. Sist oppdatert 8. mai.

Seksjon for bibliotekutvikling har no opna for utlån av klassesett. Vi låner berre ut til dei som anten kan hente bøker i Førde eller på sitt lokale folkebibliotek. Sjekk med ditt lokale folkebibliotek om dei tek imot og kan sende klassesettbøker, det er ikkje alle folkebibliotek som har opna for å ta i mot bøker enno.

Når det gjeld innlevering av bøker, gjeld det same som for utlån: Ta kontakt med ditt folkebibliotek, og høyr om dei tek imot bøkene. Vi kjem framleis ikkje til å purre bøker.

Ta kontakt med Anne Marit Ytterbø eller Astrid Sundset Moe ved spørsmål.  

Bibliotektransporten byrjar å køyre igjen i veke 18, etter å ha vore innstilt som eit førebyggjande tiltak mot smittespreiing. Transportrutene vil bli utvida etter kvart som biblioteka ønsker det.
 
Det er viktig at de melder frå til fylkesbiblioteket når de vil ha biblioteket dykkar tilbake på ruta. NBT treng inntil ei vekes varsel før de kan få besøk som normalt.
 
Ta kontakt med Kari Skibenes ved spørsmål.

Norsk bibliotekforening og Bibliotekforening har utarbeidd ein eigen smittevernrettleiar for bibliotek

Her er finn de mykje informasjon om smitte, reinhald, personale, regelverk, meirope osv. Skulebibliotek har fått eit eige kapittel.

Hugs at råda må tilpassat lokale tilhøve, og det alltid er lokale smittevernmynde som har siste ord. 

Depotbiblioteket opnar for bestilling av fjernlån frå måndag 27. april. Inntil vidare vil det berre vere bibliotek som kan bestille fjernlån, i nb.oria.no eller på dfb.nb.no.

Nasjonalbiblioteket melder at Biblioteksøk er ope for normal drift f.o.m. månadag 11. mai. Hugs å oppdatere i BaseBibliotek dersom de ikkje tar imot fjernlånsbestillingar.

Ta kontakt med Kari Skibenes ved spørsmål.

Det er opp til kvar einskilt kommune å vurdere når biblioteka kan gjenopnast. Kommunen kan bestemme å gjenopne biblioteka så sant nødvendige smitteverntiltak er iverksett i følgje anbefalingar og råd frå helsemynde. Sjå informasjon Nasjonalbiblioteket har innhenta frå Kulturdepartementet

Norsk bibliotekforening, Bibliotekarforbundet m.fl. har utarbeidd ein smittevernrettleiar for bibliotek