Rom for møte

Vi har fått 1,7 millionar kroner til ei eiga satsing på teknologi og spel. Pengane skal brukast til aktivitetar for å vise mangfald og auke integreringa mellom nordmenn og innvandrarar i Vestland.

VR_briller_Kulturtanken.jpg


Seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune samarbeider med Det Felles Innvandrerråd i Hordaland og Bergen Offentlige Bibliotek om integreringsprosjektet Rom for møter – teknologi, spill og integrering 2020-2021.

Aktivitetar for å auke integrering

Prosjektet har fått 1,7 millionar kroner frå Gjensidigestiftinga til ei eiga satsing på teknologi og spel. Pengane skal brukast til aktivitetar for å vise mangfald og auke integreringa mellom nordmenn og innvandrarar i Vestland.

Formålet med prosjektet er å bygge vidare på det gode arbeidet som vert gjort for å bidra til mangfald og betre integreringa lokalt. Vi vil gjere dette ved å tilby digitalt utstyr og skape aktivitetar som utviklar sosiale møteplassar i lokalsamfunna.  Målet er at barn og unge kan møtast rundt felles interesser for teknologi og spel. 

Førebygger teknologiske skilje

Denne satsinga innan Rom for møter handlar om å førebygge og minke teknologiske skilje i befolkninga. Dette arbeidet følger blant anna nasjonale satsingar som Spillerom - Dataspillstrategi 2020-2022. Prosjektet skapar nye rom og synleggjer samarbeidet mellom det offentlege, frivillige og næringslivet.

Følg med her for meir informasjon i 2020. Vi gler oss til å spele på lag i arbeidet med Rom for møter vidare!