Modellbibliotek

I modellbibliotekprogrammet får bibliotek hjelp til å utvikle biblioteket til gode formidlings- og møteplassar.

Bakgrunn for ordninga

Biblioteket skal vere møteplass og arena. Vi har eit behov for å synleggjere nye tenester og samarbeidsformer og få mindre og meir oppdatere samlingar. For å bli meir attraktive, treng mange folkebibliotek å gjennomgå endringsprosessar av større eller mindre omfang. Fleire treng nye eller renoverte lokale, men også mindre endringar kan vere nyttige. Det kan vere t.d. vere renovering av ein del av biblioteklokalet eller utprøving av nye formidlingsmetodar og samarbeidsformer.

Kva går støtta ut på?

Bibliotek som deltek i programmet vert støtta med 100 000 kr, samt at Seksjon for bibliotekutvikling bidreg med interiørarkitekthjelp, deltaking i prosjektarbeid og praktisk arbeid i prosjektet.

Ein føresetnad for å kome med i programmet, er at samlingane vert vurderte og aktualiserte. I tillegg må kommunane stille med same kronebeløp som fylkeskommunen, 100.000 kr, for å supplere biblioteka med nytt inventar og utstyr.

Prosjektmidlane kan brukast til innkjøp av bibliotekinnreiing, utlånsautomat, utstyr til meirope bibliotek mm.

Deltaking i Modellbibliotekprosjektet må vere forankra i administrativ og politisk leiing.

Utlysing av prosjektstøtte

Det blir ikkje lyst ut midlar i 2020, men vi reknar med ny utlysing i 2021.