Leseknappen - hjelp til å knekke lesekoden

Leseknappen skal støtte opp under den første leseopplæringa. Hovudmålgruppa er elevar i 2. klasse.

Kva er Leseknappen?

Dette er eit samarbeid mellom folkebibliotek, skule og foreldre. Folkebiblioteka sender ut brev til skular, med invitasjon og informasjon om Leseknappen. Barna vitjar folkebiblioteket med klassen og får med seg heim informasjon om Leseknappen, eit lesekort og ei forslagsliste over bøker. Barna står sjølvsagt fritt til å velje kva bøker dei vil lese.

Målet er å skape leselyst og lesedugleik. Når barnet har lese ti bøker, kan det levere lesekortet på biblioteket og få overrekt Leseknappen. Det er ingen tidsfrist for innlevering av lesekortet.

Korleis får biblioteka fatt i leseknapper til utdeling?

Fylkesbiblioteket koordinerer frå tid til anna felles bestilling av leseknappar, da desse vert produsert etter bestilling og det er dyrt om kvart bibliotek skal bestille det dei treng direkte.