Bestill ein lesegledar

Ein lesegledar vil gi andre eit godt og inspirerande møte med bøker. Målet er å vekkje leselyst og leseglede hos barn og unge.

Kva er eit lesegledarbesøk?

Eit besøk av ein lesegledar kan ha mange former og ulike tilhøyrarar. Det kan dreie seg om ei høgtlesingsstund, presentasjon av korte smakebitar eller framsyning av eit utval aktuelle bøker for å vekke leselyst. Kvar lesegledar har sin eigen stil og legg opp lesegledarøkta etter nærare avtale med oppdragsgjevar.

Lesegledaren formidlar til barn og unge, eller til vaksne som er mellom boka og barnet, som lærarar eller foreldre. Lesegledarane kan kome til barnehagen eller klasserommet, til biblioteket, foreldremøte eller personalmøte – eller til andre typar samlingar der ein ønskjer å få presentert barne- og ungdomsbøker for ei bestemd målgruppe.

Mange som får besøk ynskjer gjerne at flest mogleg av barna skal få oppleve lesegledaren. Om lesegledaren har kapasitet tek han gjerne fleire oppdrag når han først er på besøk.

Lesegledarar

Vi har fleire aktive lesegledarar i Vestland fylke. Dei fleste har bakgrunn frå skule eller bibliotek, og tek lesegledaroppdrag ved sidan av annan jobb. Lesegledarane er kursa av fylkesbiblioteket og Nynorsksenteret og har eit godt overblikk over ny barne- og ungdomslitteratur, spesielt den nynorske litteraturen. Sjå kven som er lesegledarar i Vestland fylke.

Pris/kostnad

Kvar oppdragsgjevar/bestillar får som utgangspunkt dekka eitt oppdrag à 1 time per semester. Gjeldande honorarsats for 2020 er på 1500,- for 1 times oppdrag. Nynorsksenteret og Vestland fylke dekkjer honoraret for lesegledaren, og oppdragsgjevar dekkjer reisa. Reiserekning vert sendt oppdragsgjevar i etterkant av oppdraget.

Oppdragsgjevar kan også gjere avtale om fleire oppdrag anten i samanheng med gjeldande besøk, eller seinare, men lyt då sjølv dekkje honoraret for ekstra oppdrag/tid.

Ta kontakt med oss dersom du treng avklaring på om de kan få oppdraget dekka.

Bakgrunn

Lesegledarordninga starta opp i 2015 i samarbeid med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Ordninga gir høve til å bestille ein lesegledar på besøk til skular, bibliotek, barnehagar, eller andre som ønskjer å få presentert nye bøker for barn og unge. Frå 2017 samarbeider Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane om å tilby Nynorske lesegledarar i dei tre fylka.