Søk midlar til praksisopphald og kompetanseutvikling gjennom Erasmus+

Vi nyttar EU-programmet Erasmus+ (2021-2027) Mobilitet i vaksenopplæringa til å gi bibliotektilsette i Vestland høve til å lære meir, gjennom reiser i Europa.

Folkebiblioteka kan kvart år søkje om å bli partnar i fylkeskommunen sitt konsortium for å delta i internasjonale mobilitetsprosjekt. Alle tilsette i biblioteka som er knytt til konsortiet kan delta i aktivitetane. 

Midlane i Erasmus-programmet bidreg med støtte til reise, kost og losji, samt ev. kursavgifter i samband med mobilitetsaktivitetane.

Kven kan søkje?

Folkebiblioteka i Vestland.

Kva kan du få støtte til?

De kan få støtte til reise og opphald, og kursavgift i samband med aktivitetar som:

  • Jobbskygging (hospitering)
  • Kurs eller konferansar
  • Invitere ekspertar til Noreg

Land de kan reise til

Dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Det er ikkje naudsynt å vite nøyaktig kor de vil reise på søknadstidspunktet. NB! Storbritannia deltar ikkje i Erasmus+.

Slik søkjer du

Fylkeskommunen sender inn ein fellessøknad som de kan delta i. For å bli med på fellessøknaden sender de inn ein forenkla søknad til oss ved å bruke søknadsskjema til høgre (kjem snart!). Hugs vedlegg.

I den årlege søknaden må konsortiepartnarane knytte seg til målsettingane i koordinator sin Erasmus-plan, ha eit eige OID (organisasjons-ID) og underteikne eit mandat. 

Søknadsfrist: 15. februar 2022

Kontaktpersonar: Terje Haugsgjerd og Ruth Ørnholt

Erasmus+ er verdas største utdannings- og opplæringsprogram, og gjer det mogleg å søke om midlar til å gjennomføre ulike aktivitetar som bidreg til kvalitet og utvikling i opplæringssektoren gjennom europeisk samarbeid.

Erasmus+ støttar mobilitet (utveksling) og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet; barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og vaksenopplæring.

Sentrale satsingsområde er kvalitet i undervisning og opplæring, inkludering, digitalisering, innovasjon og kopling mellom utdanning og arbeidsliv.

Du kan lese meir om Erasmus+, og dei ulike aktivitetane ein kan søke midlar til på diku.no.

Det blir gitt tilsegn etter faste EU-satsar, som blir rekna ut etter kva det er søkt om.

Mobilitet

  • Korte reiser/hospitering: Land
    Finansiering per person, per dag ved reiser til:
    Gruppe 1: Denmark, Luxembourg, United Kingdom, Iceland, Sweden, Ireland, Finland, Liechtenstein - 180 Euro
    Gruppe 2: Netherlands, Austria, Belgium, France, Germany, Italy, Spain, Cyprus, Greece, Malta, Portugal -160 Euro
    Gruppe 3: Slovenia, Estonia, Latvia, Croatia, Slovakia, Czech Republic, Lithuania, Turkey, Hungary, Poland, Romania, Bulgaria, Rep. of North Macedonia, Serbia – 140 Euro
  • Kurs-/konferanseavgift
    Det blir gitt 80 Euro per deltakar per dag
  • Ekspert til Noreg
    Ein ekspert frå Europa kan kome til Vestland/din kommune og halde kurs/seminar/ha innlegg på konferansar. Finansiering etter «Gruppe 1».
  • Reiseutgifter:Per person frå Norego.m. Nord-Italia
    275 Euro tur/retur. Til Sør-Europa 360 Euro tur/retur