Biblioteka og koronatiltak

Informasjon om smittevern og opning av bibliotek.

Mange kommunar har i større eller mindre grad gjenopna biblioteket. Det er opp til kvar einskild kommune å vurdere når biblioteka kan opnast. Kommunen kan bestemme å gjenopne biblioteka så sant nødvendige smitteverntiltak er iverksett i følgje anbefalingar og råd frå helsemynde. Sjå informasjon Nasjonalbiblioteket har innhenta frå Kulturdepartementet

Norsk bibliotekforening og Bibliotekarforbundet m.fl. har utarbeidd ein eigen smittevernrettleiar for bibliotek

Her er finn de mykje informasjon om smitte, reinhald, personale, regelverk, meirope osv. Skulebibliotek har fått eit eige kapittel.

Hugs at råda må tilpassat lokale tilhøve, og det alltid er lokale smittevernmynde som har siste ord.