Korona-informasjon

Oppdatert info om korona-pandemien, som er relevant for innbyggarar i Vestland. Siste: Smitte ved Knarvik, Stend, Sotra og Amalie Skram vgs.

 

Fylkesbygga er stengde for publikum ut mai, men du kan nå oss via sentralbordet som vanleg.

Raude skular/heimeundervisning veke 18 og 19

  • Stend vgs. veke 19: Raudt nivå for tilrettelagde grupper, og heimeundervisning for ordninære klassar.
  • Arna vgs. på raudt nivå til og med 8. mai.
  • Åsane vgs. på raudt nivå denne veka, og i veke 19 (oppdatert 5. mai).
  • Dei vidaregåande skulane vert oppfordra til å bruke munnbind i friminutt og fellesareal utanfor klasserommet. Skulane har munnbind tilgjengeleg for elevar og  tilsette.
  • Vi følger nøye med på situasjonen på fleire av skulane og kan sette inn tiltak på kort varsel.

Smittestatus ved vidaregåande skulane våre:

Vi oppdaterer oversikta på kvardagar innan kl 14.00 med registrerte tilfelle som gjeld den dagen. Eventuelle andre nye meldte tilfelle som gjeld tidlegare dagar blir ført på dei dagane dei gjeld. Tilfelle frå helga blir i hovudregel lista ut kvar måndag.

Der eit smitteutbrot utløysar karantene vil vi også registrere dette så langt vi har informasjon. Om smittesporing pågår, vil det stå.

Merk: Alle oppføringar er nye smittetilfelle - ikkje det totale smittetalet på kvar skule - med mindre noko anna er merka spesifikt. 

7. mai

  • Stend vgs: Ein ny tilsett smitta. Tre tilsette i karantene.

6. mai

  • Amalie Skram vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene.
  • Knarvik vgs: Ein elev smitta. 22 elevar og tre tilsette i karantene til og med 13. mai.
  • Stend vgs: Ein ny tilsett smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene.

5. mai

  • Sotra vgs: Ein elev smitta. To klassar og to tilsette i karantene t.o.m. 13. mai. (Lagt inn 6. mai kl 09.30)
  • Åsane vgs: Tre nye elevar smitta. Karantene ikkje avklart enno. Skulen forblir på raudt nivå også i neste veke. 

4. mai

  • Amalie Skram vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene.
  • Åsane vgs: To nye elevar smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene. (Oppdatert frå ein til to elevar 5. mai kl.10.30)
  • Os gymnas: 13 nye elevar og ein tilsett i karantene. 
  • Sandsli vgs: Ein elev smitta. 67 elevar og tre tilsette i karantene til og med 10. mai.
  • Stend vgs: Ein ny tilsett smitta, tre tilsette i karantene. 
  • Askøy vgs: To elevar smitta. 45 elevar og fire tilsette i karantene. 
  • Hafstad vgs: Ein ny elev smitta. 

3. mai

  • Åsane vgs: Ein ny elev smitta. 21 elevar og fem tilsette i karantene.
  • Fusa vgs: Fem elevar i karantene til og med 13. mai. 
  • Os vgs: 13 elevar i karantene til og med 12. mai.
  • Stend vgs: Ein tilsett smitta og fem tilsette i karantene til og med 12. mai (oppdatert 4. mai kl 09.50).

2. mai

  • Hafstad vgs: Ein elev smitta. Skulen stend måndag 3. mai grunna uoversiktleg smittesituasjon.
  • Slåtthaug vgs: Ein elev smitta. Åtte elevar i karantene (Oppdaterte tal 3. mai kl. 13.20).
  • Os gymnas: 17 elevar i karantene (Oppdaterte tal 3. mai kl. 13.20).

1. mai

  • Knarvik vgs: Ein elev smitta. 11 elevar og ein tilsett i karantene.
  • Åsane vgs: Ein ny elev smitta, 12 nye elvar og to tilsette i karantene til og med 8. mai. På skulen er det nå totalt fire smitta, 79 elevar og 15 tilsette i karantene. Skulen er på raudt nivå veke 18.

30. april

  • Tertnes vgs: Ein elev smitta, i overkant av 60 elevar og tilsette i karantene (oppdatert 4. mai kl. 09.50).
  • Fagskulen i Hordaland: Fem elevar og to tilsette i karantene til og med 9. mai. 
  • Sandsli vgs: Ein elev smitta, ingen konsekvensar med tanke på karantene.
  • Knarvik vgs: Ein ny elev smitta. To klassar som allereie er i karantene har fått forlenga karantene. Fire lærarar og to besøkande i karantene.
  • Os gymnas: Ein elev i karantene.
  • Årstad vgs: Ein elev smitta. 13 elevar og ein til sett i karantene til og med 6. mai. 
  • Laksevåg og Bergen maritime vgs: Ein elev smitta. Avventar smittevernkontoret med tanke på karantene.

29. april

  • Knarvik vgs: Ein ny elev smitta. 30 elevar og 2 lærarar i karantene til og med 6. mai.
  • Langhaugen vgs: Ein elev smitta. 20 elevar og to tilsette i karantene til og med 6. mai. 
  • Arna vgs: Tre nye elevar smitta. 35 elevar og seks tilsett i karantene til og med 3. mai og 8. mai. 

28. april

  • Knarvik vgs: Ein elev smitta. 28 elevar og tre tilsette i karantene.

  • Åsane vgs: Ein elev smitta, 30 elevar og sju tilsette i karantene. 
  • Austrheim vgs: Ein elev smitta. Åtte elevar og ein tilsett i karantene til og med 2. mai. 
  • Arna vgs: Ein elev smitta. 11 elevar i karantene til og med 6. mai. 

26. april

  • Nordahl Grieg vgs: Ein tilsett smitta. Ingen konsekvenser med tanke på karantene. 

25. april

  • Langhaugen vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvenser med tanke på karantene. 

23. april

  • Slåtthaug vgs: To elevar smitta. 57 elevar og åtte tilsette i karantene til og med 1. mai. 
  • Amalie Skram vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvenser med tanke på karantene. 
  • Bergen katedralskole, avdeling for voksenopplæring: Ein smitta. 26 elever og to tilsette i karantene.

  • Åsane vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvenser med tanke på karantene. 

22. april

  • Tertnes vgs. Ein elev smitta. Ingen konsekvenser med tanke på karantene. 
  • Åsane vgs. Ein elev smitta. Ingen konsekvenser med tanke på karantene. 

21. april

  • Ein tilsett smitta ved Knarvik vgs. Ingen i karantene.
  • Tertnes vgs: Ein ny elev smitta. Ingen konsekvenser med tanke på karantene. 

20. april

  • Bergen katedralskole. To nye elvar smitta. Vi jobbar med avklaringar med tanke på karantene.
  • Langhaugen vgs: Ein ny elev smitta. Vi jobbar med avklaringar med tanke på karantene.

19. april

  • Årstad vgs: Ein ny elev smitta. Ni nye elevar og ein ny tilsett i karantene til og med 21. april. 
  • Tertnes vgs: Ein ny elev smitta.Truleg ingen konsekvensar med tanke på karantene, avventar smittevernkontoret.

18. april

  • Årstad vgs: Ein elev smitta. Fem elevar og to tilsette i karantene til og med 21. april. 
  • Langhaugen vgs: To elevar smitta. 80 elevar og fire tilsette i karantene til og med 28. april. 
  • Bergen katedralskole: Ein elev smitta. 40 elevar og 10 tilsette i karantene. 
  • Tertnes vgs: To elevar smitta. 5 tilsette og 67 elevar i karantene.

17. april

  • Fyllingsdalen vgs.: Ein ny elev smitta. Ingen konsekvenser med tanke på karantene. 

16. april

  • Amalie Skram vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvansar med tanke på karantene.
  • Årstad vgs: Ein person tilknytta skulen smitta. Ein person tilknytta skulen, tre tilsette og tre elevar i karantene.
  • Fyllingsdalen vgs.: Ein ny elev smitta. 43 elevar og fire (ikkje fem som vi skrev først) tilsette i karantene til 24. og 25. april. 

15. april

  • Fyllingsdalen vgs.: Ein elev smitta. Ingen konsekvenser med tanke på karantene. 
  • Langhaugen vgs.: Ein elev smitta. 34 elevar og tre tilsette i karanene.
  • Tertnes vgs.: Ein elev smitta. Skulen jobbar med avklaringar med tanke på karantene.

14. april

  • Olsvikåsen vgs.: Ein elev smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene.
  • Åsane vgs.: Ein elev/lærling smitta. 20 elevar og lærlingar og to tilsette i karantene. 

13. april

  • Åsane vgs: Ein elev smitta. 36 elevar og 5 tilsette i karantene tom 16. og 17. april.

  • Åsane vgs.: Ein tilsett smitta. To klassar med 31 deltakarar og ein tilsett i karantene. 

  • Langhaugen vgs: Ein elev smitta. 35 elevar og fire lærarar i karantene, ein lærar i ventekarantene.

12. april

  • Amalie Skram vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene.

11. april

  • Olsvikåsen vgs: Ein elev smitta. 
  • Amalie Skram vgs: To elevar smitta. Smittesporing pågår.
  • Tertnes vgs. Ein ny elev smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene.

9. april

  • Tertnes vgs: Ein smitta elev. 70 elevar og tre tilsette i karantene til og med 19. april.
  • Nordahl Grieg vgs: To nye elevar smitta. 23 elevar og to tilsette i karantene til 17. april.

8. april

  • Bømlo vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene.
  • Kvinnherad vgs: Ein elev og ein lærar smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene.
  • Tertnes vgs: To nye elevar smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene. 
  • Askøy vgs: To elevar smitta.
  • Nordahl Grieg vgs: To nye elevar smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene. 

7. april

  • Nordahl Grieg vgs: To elevar smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene. 
  • Os vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene. 
  • Tertnes vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene. 
  • Amalie Skram vgs: Fem elevar smitta. Ingen konsekvensar med tanke på karantene. 

6. april

  • Langhaugen vgs: To nye elevar smitta. 
  • Olsvikåsen vgs: Ny status tysdag kveld: Ein ny elev smitta. Totalt 24 elevar og ein tilsett smitta. Skulen planlegg gjenopning på raudt nivå frå måndag av og ut veke 15. Situasjonen vert likevel vurdert fortløpande og om naudsynt vert det gjort ei ny vurdering torsdag denne veka.
  • Sotra vgs: Ein (ny) elev smitta. Heimeskule. 
  • Stend vgs: Ein elev smitta. 
  • Nordahl Grieg vgs: Ein elev smitta. 
  • Åsane vgs: Ein elev smitta.
  • Kvam vgs: Ti elevar og ein tilsett i karantene. Heimeskule for elevane denne veka. (Tidlegare meldte vi at heimeskule var for ein del elevar, men tysdag ettermiddag kom meldinga om at dette gjelde alle).

5. april

  • Olsvikåsen vgs: Ny status: Totalt 23 elevar smitta, 1 tilsett smitta. Fleire av dei som var i karantene er no ute av karantena. Skulen har digital undervisning denne veka. 
  • Sotra vgs: To nye elevar smitta (åtte totalt). Heimeskule denne veka. 

4. april

  • Sotra vgs: Seks elevar smitta. 
  • Olsvikåsen vgs: Ny status kl 22.30: Totalt 20 smitta elevar, 1 smitta lærar. 12 lærarar i karantene, ca 155 elevar i karantene, 2 studentar i karantene.

2. april

  • Olsvikåsen vgs: Status kl 21.30: Totalt 16 smitta elevar, 1 smitta lærar. 12 lærere i karantene, ca 155 elevar i karantene, 2 studentar i karantene.
  • Langhaugen vgs: Ein elev smitta. Avventar karantenetal.

1. april (NB! Karnatenetala er oppdaterte 2. april formiddag)

  • Olsvikåsen vgs:  Totalt 11 elevar og 1 tilsett smitta på Olsvikåsen vgs dei siste to dagane. 150 elevar, 12 tilsette og 2 studentar i karantene. Det er avholdt møte med smittevernoverlegen. Det blir digital skule i veke 14.

31. mars

  • Sandsli vgs: Ein elev smitta. 50 elevar og seks tilsette i karantene. 

29. mars

  • Olsvikåsen vgs: Ein elev smitta. Om lag 25 elevar og ein lærar skal vere i karantene til og med 7. april.
  • Åsane vgs: Ein elev smitta. 17 elevar og fire tilsette i karantene til og med 2. april.

24. mars

  • Laksevåg og Bergen Maritime vgs: Ein elev smitta. 24 elevar i karantene til og med 29. mars. 

23. mars

  • Hafstad vgs: To elevar smitta.

  • Bergen Katedralskole vgs for vaksne: Ein deltakar smitta.19 deltakere og 3 lærarar er foreløpig i karantene ut veka.

22. mars

  • Laksevåg og Bergen Maritime vgs: 30 elevar i karantene og 5 tilsette i karantene til 24. mars og 28. mars. 

21. mars

  • Årstad vgs: Ein elev smitta. 27 elevar og ein tilsett i karantene til og med 28. mars. 

20. mars

  • Sogndal vgs: Ein elev smitta ved avd. Kaupanger.18 elevar og 6 tilsette i karantene.
  • Årstad vgs: Ein elev smitta. 14 elevar og ein tilsett i karantene til og med 26. mars. 
  • Tertnes vgs: Ein elev smitta. 

19. mars

  • Firda vgs: Ein elev smitta ved vaksenopplæringa.

  • Mo og Øyrane vgs, avdeling Mo (landbruksskulen): Ein elev smitta.

18. mars

  • Langhaugen vgs: Ein elev smitta. Ingen i karantene. 
  • Mo og Øyrane vgs, avdeling Mo (landbruksskulen): Ein elev smitta. Lærarar og elevar er sendt heim bortsett frå elevane på internatet som vert testa der.

17. mars

  • Stord vgs: Ein elev og ein tilsatt smitta.
  • Eid vgs: To elevar smitta. 

16. mars

  • Rubbestadned vgs: 22 elevar i karantene. 
  • Fitjar vgs: Ein elev smitta. 25 elevar i karantene.

14. mars

  • Fagskolen: Ein student smitta. 

13. mars

  • Fitjar vgs: Ein elev smitta. 26 elevar og 10 tilsette i karantene.

12. mars

  • Sandsli vgs: Ein elev smitta. 146 elevar og åtte tilsette og studentar  i karantene til og med fredag 19. mars.

11. mars

  • Eid vgs: Ein elev smitta.

10. mars

  • Olsvikåsen vgs. Ein elev smitta. Dette har ingen konsekvensar mtp karantene for elever og tilsette.
  • Bergen Katedralskole: Ein tilsett smitta. Tal i karantene er ikkje avklart. Elever må truleg ikkje i karantene i dette tilfellet.

8. mars

  • Eid vgs: Ein elev smitta. 40 elevar og 8 lærarar i «ventekarantene» i påvente av testresultat.

7. mars

  • Fyllingsdalen vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvensar for andre ved skulen med tanke på karantene.

5. mars

  • Fyllingsdalen vgs: Ein elev smitta. Ingen konsekvensar for andre ved skulen med tanke på karantene.

4. mars

  • Flora vgs: Ein elev smitta. Sju i karantene.

3. mars

  • Åsane vgs: Ein tilsett smitta. Tre lærarar og ein klasse i karantene til og med 7. mars.

2. mars

  • Nordahl Grieg vgs: Ein tilsett smitta. 50 elevar og tre tilsette i karantene til og med  6. og 7. mars.

1. mars

  • Tertnes vgs: 16 elevar i karantene til og med 7. mars (kontakt med ekstern smitte) (oppdatert med ytterligere åtte elever kl. 14.30 - opprinneleg var det åtte elevar)

25. februar

  • Nordahl Grieg vgs: Ein elev smitta, 24 elevar og tre tilsette i karantene til og med 5. mars
  • Tertnes vgs: 11 elevar i karantene, etter kontakt med ekstern smitte (oppdaterte karantenetal 26. februar)

22. februar

  • Bergen katedralskole: Ein elev smitta. Vi avventar endelege karantenetal i samråd med smittevernkontoret.

18. februar

  • Bergen katedralskole: Ein elev smitta. Oppdaterte karantental 22. februar: 33 elevar og seks tilsette i karantene. 

11. februar

  • Sandsli vgs. Ein elev smitta. 13 elevar i karantene til og med 14. februar.

  • Sotra vgs: Ein elev smitta.

9. februar

  • Os vgs: Ein elev smitta.

7. februar

  • Arna vgs: Ein elev smitta. 34 elevar og 3 tilsette i karantene.

  • Kvam vgs: her melde vi at ein lærar var smitta, men det var ikkje riktig. Beklager dette.  

5. februar

  • Årstad vgs: Ein elev smitta.

4. februar

  • Kvam vgs: Ein elev og ein lærar smitta.
  • Olsvikåsen vgs: Ein elev smitta. 22 elever og 6 tilsette i karantene  til og med 6. februar

3. februar

  • Arna vgs: Ein elev smitta.
  • Sotra vgs: Ein elev smitta.
  • Laksevåg og bergen maritime vgs: Ein elev smitta. 13 elever og 5 tilsette i karantene til og med 7. februar.

2. februar

  • Kvam vgs: Ein lærar smitta.

30. januar

  • Kvam vgs: Ein tilsett smitta. Minst 2 tilsette og 9 elevar i karantene.

27. januar

  • Sotra vgs: Ein elev smitta. 15 elevar og 3 tilsette i karantene.

26. januar

  • Sandsli vgs: Ein elev smitta. 86 elever og 6 tilsette i karantene, dei fleste til 31. januar og nokre til 1. februar.

20. januar

  • Fyllingsdalen vgs: Ein elev smitta. 9 elever og 2 tilsette i karantene til og med 30. januar.

19. januar

  • Fyllingsdalen vgs: Ein elev smitta. 41 elever og 1 tilsett i karantene til og med 24. januar.

13. januar

  • Sotra vgs: Ein elev smitta. Fem elevar og tre tilsette i karantene til og med 18. januar.

12. januar

  • Fyllingsdalen vgs: Ein elev smitta. 

11. januar

  • Amalie Skram vgs: Ein elev smitta. 19 elever og 5 tilsette i karantene til og med 18. januar. 

10. januar

  • Årstad vgs: Ein elev smitta, 6 elevar og ein lærar i karantene til og med 15. januar.

7. januar

  • Fyllingsdalen vgs: Ein elev smitta. 12 elevar i karantene til og med 15. januar.

2020:

21. desember 

  • Sotra vgs: Desse må i karantene fram til 26. og 27. desember:
    Tilsette: 9 stk
    To TIF-klasser, totalt 38 elevar
    To kjemigruppar, totalt 28 elevar
  • Tertnes vgs: Ein elev smitta. Nokre få elevar er sett i karantene t.o.m 27. desember. 

30. november: 

  • Knarvik vgs.: Ein tilsett smitta. 

26. november: 

  • Bergen Katedralskole, vaksenoplæringa: Ein deltakar smitta. 15 deltakarar og to tilsette i karantene til og med 4. desember. 
  • Amalie Skram vgs.: Ein elev smitta.
  • Åsane vgs.: Ein tilsett smitta. 

25. november:

  • Arna vgs.: Ein tilsett smitta. 
  • Fyllingsdalen vgs.: Ein elev smitta. 
  • Laksevåg og Bergen maritime vgs.: Ein elev smitta.

22. november:

  • Austrheim vgs.: Ein elev smitta.
  • Askøy vgs.: To elevar smitta.
  • Laksevåg og Bergen maritime vgs.: Ein elev smitta. 14 elevar og ein tilsette i karantene.

20. november:

  • Askøy vgs.: Ein elev smitta.

19. november:

  • Hardanger produksjonsskule: Ein elev smitta. 16 elevar og seks tilsette i karantene til og med 21. november.
  • Bergen Katedralskole: Ein elev og ein tilsett smitta.
  • Langhaugen vgs.: Ein tilsett smitta.
  • Austrheim vgs.: Ein elev smitta. 

18. november:

  • Årstad vgs.: To elevar smitta. 
  • Bergen katedralskole: Ein elev smitta. 
  • Fyllingsdalen vgs.: To elevar smitta. 47 elever og fem tilsette i karantene tom 26.11 og 27.11.

17. november:

  • Askøy vgs.: Ein elev smitta.
  • Årstad vgs.: Ein elev smitta. 
  • Amalie Skram vgs.: To elevar smitta. 

16. november

  • Åsane vgs.: Ein elev smitta.
  • Sandsli vgs.: Ein elev smitta.
  • Amalie Skram vgs.: To elevar smitta. 
  • Bergen Katedralskole: Tre smitta. 42 elever og åtte tilsette i karantene tom 26.nov. 
  • Fyllingsdalen vgs.: Ein elev smitta. 33 elevar og to tilsette i karantene tom 22. nov. 

15. november:

  • Åsane vgs.: Ein elev smitta
  • Nordahl Grieg vgs.: Ein elev smitta.
  • Stend vgs.: Ein elev og ein lærar smitta
  • Årstad vgs.: Fire elevar smitta.
  • Askøy vgs.: Ein elev smitta.
  • Amalie Skram vgs.: To elevar smitta. 
  • Fyllingsdalen vgs.: Ein elev smitta. 43 elevar og to tilsette i karantene tom 20.11

14. november: 

  • Laksevåg og Bergen maritime vgs.: Ein elev smitta.
  • Amalie Skram vgs.: Ein elev smitta. 
  • Fyllingsdalen vgs.: Ein elev smitta.

13. november:

  • Åsane vgs.: Ein elev smitta
  • Kvinnherad vgs.: Ein elev smitta.
  • Fyllingsdalen vgs: Ein elev smitta. 
  • Tertnes vgs.: Ein elev smitta. 
  • Nordahl Grieg vgs.: Ein elev smitta. Elleve elevar og tre lærarar i karantene til og med 20.11.

12. november:

  • Fyllingsdalen vgs: Ein elev smitta. 
  • Årstad vgs.: To elevar og ein tilsett smitta. 130 elevar og 15 tilsette i karantene. 
  • Sotra vgs.: Ein elev smitta. Fem elevar og ein tilsett i karantene.

11. november: 

  • Åsane vgs.: Ein elev smitta
  • Fyllingsdalen vgs: Tre elevar smitta. 
  • Langhaugen vgs: Ein elev smitta. 
  • Os vgs: Ein elev smitta. 

10. november: 

  • Åsane vgs.: Ein elev smitta
  • Knarvik vgs:  Ein elev smitta.
  • Tertnes vgs.: Ein elev smitta. 56 elevar og fire tilsette i karantene.
  • Sotra vgs.: Ein elev smitta. 30 elevar i karantene.
  • Årstad vgs.: Ein elev smitta.

9. november: 

  • Langhaugen vgs.: Ein elev smitta, 50 elevar og tre tilsette i karantene til og med 12. nov.
  • Fyllingsdalen vgs.: Ein elev smitta
  • Osterøy vgs: 4 elevar smitta. 40 elevar og 8 tilsette i karantene til og med 15. nov.

8. november: 

  • Årstad vgs.: Ein elev smitta.
  • Fyllingsdalen vgs.: Ein elev smitta. 13 elevar i karantene til og med 13. nov. 

7. november:

  • Bergen Katedralskole: Ein elev smitta, 60 elevar og 3 lærarar i karantene til 13. nov. 
  • Fyllingsdalen vgs.: Ein elev smitta
  • Årstad vgs.: Ein elev smitta
  • Knarvik vgs.: Ein elev smitta

6. november: 

  • Åsane vgs.: Ein elev smitta
  • Årstad vgs.: Ein elev påvist smitte
  • Fyllingsdalen vgs.: Ein elev smitta. 54 elever og fire tilsette i karantene til 13. nov.
  • Nordahl Grieg vgs.:  Ein tilsett og ein student i praksis smitta.  Tre tilsette og 27 elevar  i karantene til 9. nov.
  • Slåtthaug vgs.: Ein klasse + lærar i karantene.
  • Austrheim vgs.: Tre elevar smitta. 11 elevar og Fire lærarar i karantene. 

5. november:

  • Askøy vgs: Ein elev smitta.
  • Årstad vgs.: Ein elev smitta
  • Olsvikvåsen vgs.: Ein elev og ein tilsett smitta. 

4. november:

  • Knarvik vgs.: Ein elev smitta.
  • Sotra vgs.: Ein elev og ein lærar smitta. 60 elevar og fire lærarar i karantene. 
  • Bergen Katedralskole VO: Ein deltakar. Smittesporing p.t.
  • Stend vgs.: Ein elev og to lærarar smitta. Smittesporing p.t.
  • Nordahl Grieg.: Ein elev og ein tilsett smitta. Smittesporing p.t.
  • Austerheim vgs., vaksenopplæringa: Ein deltakar smitta. Smittesporing pt.

3. november:

  • Åsane vgs.: Ein elev smitta
  • Bergen Katedralskole, vaksenopplæringa: Ein deltakar smitta. Skulen med å avklare nærkontakter og karantene. 

  • Nordahl Grieg vgs: Ein elev smitta, eleven var sist på skulen fredag 30.oktober. 43 elever og 4 (nye) lærarar har fått varsel om karantene.

  • Bergen Katedralskole: Ein tilsett smitta.
  • Amalie Skram: Ein elev smitta, 45 elevar og fem lærarar i karantene.  
  • Fyllingsdalen: Ein elev smitta, 50 elevar og ein lærar i karantene. 

2. november: 

  •  Årstad vgs:  Ein elev smitta, sju elevar og sju lærarar i karantene. 
  • Laksevåg og Bergen Maritime vgs: Ein besøkande påvist smitte; tre elever i karantene.
  • Amalie Skram vgs: ein besøkande påvist smitte; 9 elever og 1 lærer  i karantene til 6.november.
  • Åsane vgs: ein deltakar av ei gruppe på vaksenopplæringa har testet positivt.  Skulen ber gruppa om å ha heimeundervisning til situasjonen er meir avklart.

1. november: 

  •  Bergen Katedralskole: Tre elevar smitta, 180 elevar og ni lærarar i karantene. I samråd med smittevernkontoret held skulen tilbake heile vg3 måndag og fram til det er avklart nærkontaktar som skal i karantene. 
  • Amalie Skram: Ein ny elev smitta. Klassen er sett i karantene, og tre lærarar i karantene

     

31. oktober: 

  •  Amalie Skram vgs:  Ein elev smitta, 26 elevar og tre lærarar i karantene. 

30. oktober: 

  • Nordahl Grieg vgs: Ein lærar smitta, 30 elevar og ti lærarar i karantene. 

29. oktober: 

  • Amalie Skram vgs: Ein elev smitta, tre elevar i karantene. 
  • Bergen Katedralskole: Ein elev smitta, 60 elevar og ein lærar i karantene.
  • Fitjar vgs: Ein elev smitta, 26 elevar og åtte lærarar i karantene.
  • Osterøy vgs: ein elev smitta,  32 elevar og  ni lærarar i karantene.
  • Rubbestadneset vgs: Ein elev smitta,  4 elevar i karantene.

24. oktober: 

  • Stord vgs: To elevar smitta, 205 elevar og fem lærarar i karantene.

23. oktober: 

Bømlo vgs: Ein elev smitta, åtte elevar og ni lærarar i karantene. 

22. oktober: 

Fagskolen i Hordaland: Ein elev smitta. Førebels er ca 25 i heimeundervisning og to lærarar i karantene. Smittevernkontoret vil følgje opp ytterligare.

17. oktober

  • Askøy vgs: To elevar smitta. 111 elever og 16 lærarar i karantene. I tillegg er 6 praksisstudenter tatt ut i karantene.

15. oktober

  • Amalie Skram vgs: Ein elev smitta, aktuelle nærkontaktar er kontakta direkte via SMS og sett i karantene i ti døgn.
  • Tertnes vgs: Ein elev smitta. Eleven har ikkje vore på skulen sidan før haustferien. Dette vil ikkje ha karantenekonsekvenser ved skulen for andre enn eleven sjølv. 

13. oktober

Fyllingsdalen vgs: Endå ein elev smitta. Eleven har ikkje vore på skulen sidan før haustferien. Dette vil ikkje ha karantenekonsekvenser ved skulen for andre enn eleven sjølv. 

12. oktober

Bergen Katedralskole: Ein elev smitta. Ingen i karantene då smitten vart påvist i ferien førre veke, men skolen fekk beskjed i dag. 

9. oktober

Fyllingsdalen vgs: Ein elev er smitta, men har ikkje vore på skulen sidan 25. september. Også ein lærar er smitta. Ingen i karantene.

6. oktober

Stend vgs: 39 elevar og 4 tilsette i karantene til og med 13. oktober. 

 

29. september:

  • Fyllingsdalen vgs: Ein elev er smitta, ingen i karantene.

27. september:

  • Nordahl Grieg vgs: Ein ny lærar er smitta, 22 nye elevar i karantene.

25. september:

  • Kvam vgs:  Ein elev smitta. Skulen er stengd frå og med i dag og til torsdag neste veke, etter pålegg frå smittevernlegen i kommunen. Skulen driv digitalundervisning.
  • Nordahl Grieg vgs: Ein elev og ein lærar smitta, 49 elevar og ein lærar i karantene.

20. september: 

  • To tilfelle av koronasmitte ved Tertnes vgs. 

19. september: 

  • Totalt fem tilfelle av koronasmitte ved Åsane vgs. er meldt i dag. Fire meldt laurdag, eit fredag kveld.
  • Eit tilfelle ved Amalie Skram vgs
  • Eit tilfelle ved fagskolen i Hordaland
  • Eit tilfelle ved Stend vgs., 12 i karantene

18. september: 

  • Tre nye tilfelle av koronasmitte ved skulane Langhaugen, Olsvikåsen og Tertnes. På kvar av skulane er det éin elev som er smitta.

17. september: 

  •  Tertnes vgs: Ein elev smitta.  

16. september: 

  • Fyllingsdalen vgs: Ytterligare ein elev og ein tilsett smitta. Totalt 90 elevar og elleve lærarar i karantene.

13. september:

  • Fyllingsdalen vgs: Fire elevar smitta. 90 elevar og fire lærarar i karantene.

12. september: 

  • Langhaugen vgs: Ein elev smitta. 60 elevar og 6 tilsette i karantene.

5. september: 

  • Stord vgs: Stadfesta smitte hos ein elev og ein lærar. Om lag 60 i karantene. 
  • Nordahl Grieg vgs: Ein lærar smitta. Ei handfull i karantene.

Tidlegare:

Ein lærar ved Olsvikåsen vgs og ein student ved Fagskolen i Hordaland, avd. Nedre Nygård påvist koronasmitte.

Tilsette ved fylkesadministrasjonen på Sandsli, Leikanger og Førde, i tillegg til tilsette ved Bybanen utbygging, skal ha heimekontor ut mai.

Det betyr òg at fylkesadministrasjonsbygga blir stengde for besøkande i denne perioden. Sentralbordet blir betjent som normalt i opningstida.

Tannklinikkane i Vestland er no opna og har normal drift.

Les meir

Finn din tannklinikk 

For tilsette i tannhelsetenesta:

For ansatte i tannhelsetjenesten som har pasientkontakt, gjeld særskilte forholdsreglar: Dei som har feriert utanfor Norden,  testast for koronasmitte med negativt prøvesvar før dei kan møte fysisk på jobb. Dette gjeld sjølv om dei har vore i grøne land. Om dei har hatt besøk heime av familie eller andre frå karantenepliktige land, må dei også teste seg før dei kan komme tilbake på jobb.

Opnar opp for gjennomføring av fag- og sveineprøvar

Situasjonen med spreiing av koronavirus har konsekvensar for gjennomføring av fag- og sveineprøvar. I mange bransjar og fag er det ikkje mogleg eller forsvarleg å avvikle prøvar, medan det i andre kan gå heilt fint. Vestland fylkeskommune har bestemt å opne for gjennomføring av fag- og sveineprøvar der det er mogleg.

Prøvenemndene må i kvart tilfelle vurdere i samråd med prøvestad og kandidat om det er mogleg og forsvarleg å gjennomføre prøven. Gjeldande nasjonale føringar for smittevern skal alltid vere ein del av denne vurderinga.

Det er ein føresetnad at alle som skal vere til stades på prøven må vere heilt friske og at prøven kan gjennomførast i tråd med nasjonale føringar for smittevern. Prøvenemndsmedlemmane må vere fysisk til stades på prøven, det finst diverre ingen heimel for å gjennomføre prøvar digitalt via skype eller liknande.

Om medlemmane i prøvenemndene sjølve er hindra frå å gjennomføre prøvar fordi dei til dømes er i karantene, har omsorgsoppgåver for born som ikkje går i skule eller i barnhage, eller at arbeidsgjevar ikkje har moglegheit til å gi fri, må prøven utsetjast. Det same gjeld om medlemmane i prøvenemndene anten sjølve er i risikogruppa, har ein samfunnskritisk funksjon, eller er hindra av lokale reiserestriksjonar.

Følg med her

Kontrakten blir forlenga om du blir permittert eller sjukemeld

På grunn av den spesielle situasjonen som er no, kan bedrifter kan permittere lærlingar og lærekandidatar mellombels.

Om du blir permittert, skal du få skriftleg varsel og god informasjon frå bedrifta di.

Når bedrifta har bestemt at du skal permitterast, skal dei melde frå til Vestland fylkeskommune. Om du blir permittert, registrerer vi avbrot og forlenger kontrakten din. 

Du kan søkje om dagpengar om du er permittert

Dersom du er permittert og skal søkje om dagpengar, må du registrere som arbeidssøkjar hos NAV og legge ved permitteringsvarselet du har mottatt.

Informasjon til lærebedrifter og opplæringskontor

Vi reknar med at det er mange lærlingar som er eller kjem til å bli permitterte. På denne sida ligg det mellom anna eit skjema som bedriftene skal bruke for å melde inn lærlingar som er permitterte på grunn av koronavirus:

https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/laerling/informasjon-til-larebedrifter-og-opplaringskontor-om-koronavirus/

Meir informasjon

Du finn meir informasjon og lenker til NAV på denne sida: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/laerling/larlingar-og-korona/

Grunna koronaviruset tilbyr Karriere Vestland for tida færre fysiske rettleiingsmøte. Vi opnar no gradvis nokre stader, og fortsetter med utvida tilbod om rettleiing per telefon og video. Du finn oversikten kor vi har opne lokaler under knappen "bestill time". Vi følger alle retningslinjer knytta til smittevern, og spesiell informasjon vert tilsendt dei som bestiller time på våre fysiske lokasjonar.

Sjå Karriere Vestland. 

Har vedteke hjelp

Vestland fylkesutval har vedteke å hjelpe kulturlivet gjennom koronakrisa. Det betyr at kulturarrangement som blir avlyste, likevel får fylkeskommunal støtte. Les meir her. 

Tilskot til kulturarvbaserte prosjekt

Riksantikvaren lyser ut tilskotsmidlar til kulturarvbaserte prosjekt som kan støtte lokalsamfunn og næring som er påverka av koronapandemien.

Andre informasjonssider