Utviklingsplan for Vestland 2024 - 2028: Regionalt dialogmøte i Førde

No kan du vere med å påverke vegvala for å styrke Vestland for framtida. Vestland fylkeskommune inviterer til dialogmøte om Utviklingsplan for Vestland 2024-2028.

Vestland fylkeskommune skal i løpet av 2024 rullere noverande utviklingsplan for Vestland fylke, og vil gjerne at du deltek med innspel til dette arbeidet. Er det skjedd fundamentale endringar i utfordringsbildet og utviklingstrekka på som er viktig å ta med i den nye utviklingsplanen?  
Her finn du kunnskapsgrunnlaget til ny utviklingplan.

Program for møta

Føremålet med møta er å få fram ny kunnskap og innblikk i utfordringar i ulike deler av fylket som rører ved Vestland fylkeskommune si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar. 

Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesdirektør Rune Haugsdal leiar møtet. På programmet blir det førebudde innlegg frå representantar for regionrådet, ungdom, lag og organisasjonar. I tillegg vert det rom for medverknad gjennom dialog og erfaringsutveksling.

Tre regionale dialogmøte

Vestland fylkeskommune inviterer til tre opne dialogmøte om utviklingsplan for Vestland, regional planstrategi 2024 – 2028.

16. januar 2024, Stord idrettspark Vikahaugene, kl. 16.30 - 20.00
23. januar 2024, Førde vidaregåande skule, kl 16.30 - 20.00
25. januar 2024, Vestlandshuset i Bergen, kl. 16.30 - 20.00

Målgruppe for møta

Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vere satsingsområde som kan styrke Vestland for framtida.