Utviklingsplan for Vestland 2024 - 2028: Regionalt dialogmøte i Bergen

No kan du vere med å påverke vegvala for å styrke Vestland for framtida. Vestland fylkeskommune inviterer til dialogmøte om Utviklingsplan for Vestland 2024-2028.

Vestland fylkeskommune skal i løpet av 2024 rullere noverande utviklingsplan for Vestland fylke, og vil gjerne at du deltek med innspel til dette arbeidet. Er det skjedd fundamentale endringar i utfordringsbildet og utviklingstrekka på som er viktig å ta med i den nye utviklingsplanen?  
Her finn du kunnskapsgrunnlaget til ny utviklingplan.

Program for møta

Føremålet med møta er å få fram ny kunnskap og innblikk i utfordringar i ulike deler av fylket som rører ved Vestland fylkeskommune si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar. 

Tid

Innhald

Innleiar

1630

Kaffe og matbit

 

1700

Vegen vidare for Vestland fylke

 

 

Velkomen til dialog! 

 

Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland fylkeskommune

 

Samarbeid og felles retning gjennom utviklingsplan for Vestland

Rune Haugsdal, fylkesdirektør, Vestland fylkeskommune

1730

Utfordringar i regionen

 

 

Utfordringsbilete i regionen

Marthe Rosenvinge, seniorrådgjevar, Vestland fylkeskommune 

1745

Førebudde innlegg: Viktige felles utfordringar i møteregionen slik vi ser det

 

Region Nordhordland

Lars Fjeldstad, ordfører i Osterøy kommune

 

Hardangerrådet

Timo Knoch, ordførar i Eidfjord kommune

 

Voss, Bjørnafjorden, Samnanger, Askøy, Øygarden og Austevoll

Tonje Såkvitne, ordførar i Voss herad

 

Innleiing til pauseaktivitet – Hjelp oss å prioritere til neste utviklingsplan

Liz Eva Tøllefsen, seniorrådgjevar, Vestland fylkeskommune

1825

Forfriskningar og pauseaktivitet

 

1850

Førebudde innlegg frå eit mangfald av aktørar

 

Austevoll kommune v/ordførar Bente Kari Sletten Taranger 

HVL v/rektor Gunnar Yttri

NAV v/ direktør Anne Kverneland Bogsnes

Naturvernforbundet v/ TBA

NHO v/ politisk rådgjevar Sondre Olsen

Bergen næringsråd v/ næringspolitisk rådgjevar Morten Storebø

Visit Bergen v/  Chief Sustainability Officer Magnus Brekke Nygaard 

Grøn region Vestland / v prosjektleiar Heidi Gaustad

Hardanger industri v/ styreleiar Ingvald Torblå

1940

Rom for spørsmål frå salen


Oppsummering – Dette tar vi med oss

v/ Rune Haugsdal, fylkesdirektør Vestland fylkeskommune

 

Målgruppe for møta

Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vere satsingsområde som kan styrke Vestland for framtida. Det er ingen påmelding til møtet.

Tre regionale dialogmøte

Vestland fylkeskommune inviterer til tre opne dialogmøte om utviklingsplan for Vestland, regional planstrategi 2024 – 2028.

16. januar 2024, Stord idrettspark Vikahaugene, kl. 16.30 - 20.00
23. januar 2024, Førde vidaregåande skule, kl 16.30 - 20.00
25. januar 2024, Vestlandshuset i Bergen, kl. 16.30 - 20.00