Kurs: Karriererettleiing i fellesskap

Vanskeleg å ta val når det gjeld utdanning og arbeid? Du er ikkje åleine, bli med oss på kurs og finn ut av ditt neste trekk i fellesskap med andre!

Målgruppe: 19-34 år (maks 8 deltakarar)

Tema:

  • Korleis finne fram til og velje ei utdanning som passar for meg?
  • Korleis finne ut kva jobb som passar for meg?

Kurset går over to dagar, og i forkant av kursstart får du som deltar tilsendt eit kartleggingsverkty per e-post, InFlow24, som du fyller ut før du kjem. Dersom du ikkje finn lenka til kartlegginga, sjekk søppelpost-mappa.

Dag 1: Bli betre kjend med deg sjølv, dine interesser, verdiar og preferansar. Vi ser nærmare på kva kartlegginga seier om deg og tar utgangspunkt i denne informasjonen når vi jobber fram dine ynskjer for utdanning og arbeid.

Dag 2: Vi byggjer vidare på resultata frå kartlegginga, og alle får lage si eiga Topp 5-liste over moglege vegar å gå, som blir ein del av din karriereplan.

Kurset kombinerer undervisning med egenjobbing og rettleiing. Ta med matpakke. Vi har te, kaffi og vann.

Prosessrettleiarar: Sesilie Ådland og Vegar A. Legøy

Sted: Bergen, Vestlandshuset 4 etg. Lars Hilles gate 22. Du registrerer deg i resepsjonen i 1 etg.

Tid: Onsdag 13. mars og torsdag 14. mars 10.00-14.00

Antall kursplasser: 8