AVLYST! Konferanse: Musikk som helsefremmande ressurs

Vestland fylkeskommune set søkjelys på kvifor og korleis musikk kan vere ein helseressurs, med særleg vekt på born og unge.

Denne konferansen er avlyst. Vi planlegg ny konferanse i Bergen på nyåret. 

Mange opplever at musikk skaper gode møte mellom menneske, er eit positivt bidrag i kvardagen og kan auke livskvaliteten. 19. september inviterer vi til konferanse i Stord kulturhus.  

Målgrupper 

Konferansen er for alle med interesse for musikk og kultur som helsefremmande tiltak, for eksempel tilsette og leiarar i helsesektoren og kultursektoren i kommunane,  utdanningssektoren, helseinstitusjonane, politikarar, ungdomsråd eller brukarorganisasjonar. 

Førebels program

Kl. 10.00–10.30: Registrering, kaffi og mingling
Kl. 10.30: Velkommensong 

Kl. 10.40: Opning ved Jacob Nødseth, utvalsleiar for kultur, idrett og inkludering, Vestland fylkeskommune.

Kl. 10.50: Ungdataundersøkinga 2024, Tonje Kirkebøen-Slettemo, Vestland fylkeskommune
Kl. 11.10: Utanfor-regnskapet ved Une Tanken, KS
Kl. 11.30: Born og unge, musikk og musikkterapi. Viggo Krüger, Griegakademiets senter for musikkterapiforsking. 

Kl. 12.00: Lunsj 

Kl. 13.00: Einslege mindreårige flyktningar – samarbeid for å fremje musikk og helse i eit folkehelseperspektiv. Ole Kristian Einarsen – Phd-kandidat UiB. 
Kl. 
13.20: Musikk og musikkterapi - ein ressurs for helse i Stord kommune? Anne Lene Østvold Jordåen, kultursjef Stord kommune. 
Kl. 
13.40: Musikkprosjekt ved vidaregåande skular i Vestland. Nathalie Ponroy, Vestland fylkeskommune.  

Kl. 14.00: Pause 

Kl. 14.20: Frå musikkterapi til musikktilbodBarne- og familiehjelpen – Bergen kommune. Kaja Elise Enge, musikkterapeut Bergen kommune. 
Kl. 
14.40: Hva med alt mellom? Viktigheta av å jobbe tverrsektorielt og  tverretatleg. Maria Nordheim, psykolog, Bergen kommune 

Kl. 15.00: Pause. 

Kl. 15.20: Rundbordssamtale 

Kl. 16.00: Program slutt