Konferanse: Situasjonen for papirlause flyktningar i Vestland

Vi ser nærare på rettar, velferdstenester og erfaringsdeling frå ei reise til Finland på konferansen i Bergen 1. desember.

Vil du vite meir om papirlause sin situasjon i Vestland? Tema for konferansen er velferdstenester, helse og rettigheiter for papirlause. Det blir også eit innlegg med erfaringar frå ei reise til Finland, der representantar frå Kirkens bymisjon, Bergen kommune, Vestland fylkeskommune og var med for å lære om korleis Finland handterer papirlause flyktningar.  

Målgrupper

Tilsette i offentleg sektor, frivillige orgaisasjonar, og akademia som arbeider med papirlause flyktningar.

Tema

Rettigheiter, velferdstenester og erfaringsdeling frå jobbskygging i Finland.

Program

Kl. 10–10.15: Opningshelsing
Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering

Kl. 10.15–11.00: Helse og velferd for papirlause – eit menneskerettsleg ansvar
Henriette Aasen, professor ved juridisk fakultet, UIB

Kl. 11–11.30: Erfaringsdeling om korleis Finland handterer papirlause migrantar
Katrine Meisfjord, Kirkens bymisjon

Kl. 11.30–12.30: Lunsj
i Agnes M, 3. etasje i Vestlandshuset

Kl. 12.30–13.15: Helsehjelp til papirlause
Elisabeth Strømme, førsteamanuensis ved institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen

Kl. 13.15–14.00: Helse- og velferdstenester for papirlause
Marry-Anne Karlsen, førsteamanuensis ved sosialantropologisk fakultet, UiB

Kl. 14.15–14.45: Korleis har dei papirlause det? 
Kaia Brun og Rolf Vårdal, Senter for migrasjonshelse

Kl. 14.45–15.00: Oppsummering
Bente Blytt, leiar for fageininga folkehelse og integrering i Vestland fylkeskommune

Det vert høve til å stilla spørsmål undervegs

 

Praktisk

Det kostar 150 kr å delta på konferansen.

Konferansen skal vere i Vestlandssalen på Vestlandshuset i Bergen. Det er plass til 140 deltakarar i lokalet.

Konferansen kan også fylgjast digitalt ved å fylgje denne koblinga