Fagdag om musikk og helse
Korleis kan vi jobbe med musikk som helsefremjande tiltak i kommunane?
Mange opplever at musikk skaper gode møte mellom menneske. Musikk er eit positivt bidrag i kvardagen og kan auke livskvaliteten. På fagdagen 25. april kjem vi inn på kvifor og korleis musikk kan vere ein helseressurs, med særleg vekt gruppa eldre.
Målgruppe
Fagdagen er for alle med interesse for musikk og kultur som helsefremjande tiltak, til dømes tilsette og leiarar i helsesektoren og kultursektoren i kommunane, helseinstitusjonane, politikarar, eldreråd, brukarorganisasjonar.
Praktisk
Påmeldingsavgift: 400 kr. Faktura blir sendt ut etter fagdagen.
Påmeldingsfrist: 17. april
Fagdagen er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi, USHT Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester Vestland (Sogn og Fjordane), Helse Førde og Kinn kommune.
Program
Kl. 9.30–10.00: Registrering, kaffi og mingling
Kl. 10.00: Velkommensong
Kl. 10.10: Opning ved Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør kultur og folkehelse, Vestland fylkeskommune
Kl. 10.20: Musikk i eldrehelse – i kvardag, miljøarbeid og musikkterapi, Brynjulf Stige, professor, Universitet i Bergen, leiar for Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Kl. 11.05: Musikkterapi som ein naturleg del av helse og velferd i Kinn kommune, Norunn Stavø, kommunalsjef helse og velferd, Kinn kommune
Kl. 11.30: Lunsj
Kl. 12.30: Den kulturelle spaserstokken - ein ressurs for oss, Vestland fylkeskommune v/ Simen Lagesen Krogstie og Stad kommune v/ Janne Mari Hjelle, Heidi Munch Starheim og Astrid Grete Torheim
Kl. 12.55: Korleis inkludere personar med demens i kor/aktivitet? Jorunn Bakke Nydal, fagleiar og musikkterapeut, Kinn kommune
Kl. 13.20: Krafttak for sang – eit verktøy i eldrehelse: www.syngsammen.noKrafttak for sang utviklar ressursar som kan gjere det enklare å synge i kvardagen. Beatrix Van Doorn, prosjektleiar og fagleg ansvarleg
Kl. 13.45: Mingling og svele
Kl. 14.00: Kultur - ein ressurs for helse? Hilde Bjørkum, kommunalsjef kultur og idrett Sunnfjord kommune
Kl. 14.25: Eg og musikken. Musikalsk møte med musikkterapeut og brukar Øystein Salhus, førstelektor, Høgskulen i Volda
Kl. 14.45: Oppsummering. Ola Teigen, ordførar Kinn kommune