Webinar om vaksenopplæring

Nysgjerrig på kva moglegheiter som finst innan vaksenopplæring i vidaregåande skule? Grip sjansen, og meld deg på webinar 6. oktober!

Rettleiingstenesta i Bergen sentrum/ vest inviterer til eit gratis webinar om vaksenopplæring i vidaregåande skule.

Målgruppe: NAV-rådgjevarar i område (Bergenhus, Årstad, Bergen vest, Bergen sør, Øygarden, Askøy, Bjørnafjorden og Austevoll).

Innhald: På dette webinaret lærer du meir om:

  • tilbodet Vestland fylkeskommune har innan vaksenopplæring
  • korleis du søker opplæring for vaksne
  • kva rolle har rettleiingstenesta i prosessen
  • Grip sjansen
  • praksiskandidatordning

Det blir høve til å stilla dei spørsmåla du måtte ha via chat undervegs.

Spørsmål: Ta kontakt med Malin Jakobsen på mobil: 45977076 eller e-post malin.jakobsen@vlfk.no

Påmeldingsfrist: Onsdag 5. oktober