Webinar om jobbsøking

Søke jobb for første gong, eller litt lenge sidan sist du var på jobbjakt? På dette webinaret lærer du det grunnleggande om jobbsøkarprosessen frå A til Å.

Nysgjerrig på korleis du går fram for å søke jobb i 2022?

Onsdag 24. august inviterer Karriere Vestland til eit gratis webinar om jobbsøkarprosessen.

På dette webinaret lærer du meir om:

  • Kvar og korleis du finn jobbane
  • Korleis du les og tolkar ein stillingsannonse
  • Korleis du førebur deg når du skal søka jobbar
  • Korleis du skriv CV og søknad
  • Korleis du gjennomfører eit godt intervju

Webinaret gir ei grunnleggande innføring i jobbsøkarprosessen frå A-Å og passar for alle som skal byrja å søka jobbar, enten det er første gangen eller berre litt lenge sidan sist.

Det blir høve til å stilla dei spørsmåla du måtte ha via chat undervegs.

Varigheit: 1 t og 30 minutt

Stad: Teams

Foto: Shutterstock