Nynorskfylket – språkkonferansen 2022

Nynorskfylket Vestland sin språkkonferanse 2022 har tema nynorsk og språk i utdanninga, nynorsk i næringslivet og Jon Fosse som nynorsk litterært fyrtårn. Konferansen er på Litteraturhuset i Bergen 25. mai.

Kvelden i førevegen, 24. mai, inviterer Det Vestnorske Teateret til Jon Fosse-program på Logen. Merk at det er eiga billettering til dette arrangementet via nettsidene til Det Vestnorske Teateret. 

Konferansen blir strøyma, og vi legg ut lenke på denne sida når det nærmar seg.

Program

Tysdag 24. mai

Stad: Logen, Øvre Ole Bulls plass 6, Bergen

Hundemanuskripta av Jon Fosse blir framført på Det Vestnorske Teateret, og konferansedeltakarane er spesielt inviterte.

Les meir og kjøp billett her: https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/hundemanuskripta/

Onsdag 25. mai

Stad: Litteraturhuset i Bergen,  Østre Skostredet 5-7

Kl. 09.00: Velkomen.

  • Jon Fosse-bidrag frå Sturla Alvsvåg, Det Vestnorske Teateret og Idun Losnegård, Teater Vestland

Kl. 09.30: Vestlandet eller ikkje Vestlandet? Det er spørsmålet

  • Jan H. Landro, journalist og forfattar: Er det verkeleg slik at skildringane av natur og miljø i Jon Fosse sin prosa gjer at vi automatisk kan lokalisere bøkene til Vestlandet? Eller er det mindre Vestland i dei enn vi likar å tru?

Kl. 10.30: Pause

Kl. 10.45: Språkpolitikk og nynorsk i regional plan for kultur, idrett og friluftsliv 2023–2035

  • Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur, idrett og inkludering 

Kl. 11.00: Nynorsk i næringslivet

  • Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Atle Kvamme, kommunikasjonsdirektør i Bergen Næringsråd

Kl. 11.30: Lunsj

Kl. 12.15: Nynorsk og språk i utdanninga

  • Svein Olav Langåker, dagleg leiar for Nynorskkommunane, LNK. Om språk i digitale læremiddel i grunnskulen og vidaregåande skular
  • Trude Bukve, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Om nynorsk og språk i akademia
  • Herborg Kolbeinshavn, medlem i Katten Målungdom / Bergen katedralskole. Om å vere nynorskelev i Bergensskulen
  • Panelsamtale mellom innleiarane, Roar Ulvestad frå Utdanningsforbundet, Ole Henrik Mølmann frå Vestland fylkeskommune og Sara Hamre Sekkingstad frå KS Vestland

Kl. 13.45: Takk for i dag

Kl. 14.00: Møte i Nynorskfylket Vestland (til kl. 15.00)

Vi oppdaterer programmet forløpande.

Pris

400 kr