Presentasjon av resultata frå folkehelseundersøkinga 2022

Korleis har vi det i Vestand? 1. september presenterer vi resultata frå folkehelseundersøkinga frå i vår. Seminaret blir digitalt, og påmeldingsfristen er 22. august.

Vestland fylkeskommune gjennomførte folkehelseundersøkinga saman med Folkehelseinstituttet våren 2022. Undersøkinga vart sendt ut til omlag 170 000 innbyggjarar over 18 år.

1. september presenterer vi resultata, og inviterer med dei som ønskjer på eit digitalt lanseringsseminar.

Program

  • Velkomen v/ fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis
    Bakgrunn for undersøkinga, og korleis vi skal bruke resultata i Vestland fylkeskommune
  • Om undersøkinga og presentasjon av utvalde resultat v/ Marit Knapstad, Folkehelseinstituttet
  • Livskvalitet i Vestland v/ Ragnhild B. Nes, Folkehelseinstituttet
  • Korleis kan kommunane bruke resultat frå Folkehelseundersøkinga? v/ Reidun B. Kjosås, Kvam kommune
  • Spørsmål og svar