Ope høyringsmøte om regional plan for klima

Sei meininga di om den første klimaplanen for Vestland! Vi inviterer til ope, digitalt høyringsmøte om regional plan for klima torsdag 6. oktober.

Høyringsutkastet vil bli presentert i møtet, i tillegg til at det er nokre førebudde innlegg. Møtedeltakarane får høve til å stille spørsmål, i tillegg til å kome med munnlege innspel.

Agenda for møtet

  • Presentasjon av prosessen og høyringsdokumenta.
  • Førebudde innlegg
    • Helene Frihammer, regionsdirektør NHO Vestlandet
    • William Helland-Hansen, leiar for klima og transportgruppa og styretmedlem i Naturvernforbundet Hordaland
    • Renate Nedregård, leiar i Klimapartnere Vestland
  • Spørsmål og innspel frå deltakarane i møtet

Lenke til møtet vert sendt ut til dei påmeldte same dag.

Les meir om høyringa på Regional plan for klima 2022–2035, og korleis du sender inn innspel.

Les meir om planprosessen og korleis vi har jobba og jobbar med Regional plan for klima 2022–2035.