LivOGLyst-konferansen 2022 på Skei

LivOGLyst-konferansen er ein møteplass og arena for alle med interesse for lokalsamfunnsutvikling.

Partnarskapen Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg Vestland ønskjer velkommen til LivOGLyst-konferansen 2022.

Målgruppe

LivOGLyst-konferansen er open for alle med interesse for lokalsamfunnsutvikling, for LivOGLyst-prosjekt, eldsjeler og tilsette i kommunar. Deltaking på konferansen er gratis.

Program

I år set vi mobilisering over tid på dagsorden. I LivOGLyst-prosjekt er alle menneske viktige ressursar i sine lokalsamfunn. Brei mobilisering av innbyggjarar, lag, foreiningar og næringsliv er ein premiss for eit vellukka og inkluderande LivOGLyst-prosjekt.

På konferansen vert det mellom anna faglege innlegg, erfarlingsdeling frå lokalsamfunn og inspirerande workshop. Program blir lagt ut i august.

LivOGLyst-konferansen i Bergen

Dersom du heller ønskjer å delta på LivOGLyst-konferansen i Bergen den 20. september kan du melde deg på her.

Om LivOGLyst-programmet

LivOGLyst er eit program for lokalsamfunnsutvikling der lag og foreiningar kan søkje om å få støtte til å utvikle sine lokalsamfunn.

Programmet er eit samarbeid mellom den regionale partnarskapen Innovasjon Noreg, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune og har vore aktivt i Hordaland sidan 2008. I 2020 vart det utvida som ei satsing for Vestland fylke. Målet med programmet er å leggje til rette for bulyst, grunnlag for næringsutvikling og attraktive lokalsamfunn.

Søknadsfrist for LivOGLyst-deltaking er 25. oktober 2022. Les meir om programmet på www.vlfk.no/livoglyst