Landbrukskonferansen 2022 - Landbruket i Vestland mot år 2030

Den årlege landbrukskonferansen blir i år i Førde 6. og 7. september og handlar om verdien av å produsere mat. Fristen for å melde seg på er 19. august.

Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Norge Vestland inviterer til landbrukskonferansen.

Verdien av å produsere mat skal på dagsorden på landbrukskonferansen for Vestland i september. Å ta vare på matjorda og bøndene er fundamentet for ei positiv utvikling.

Gjennom to dagar skal kommunar og andre med interesse for landbruk få auka kunnskap og inspirasjon gjennom innlegg, diskusjonar og idéutveksling. Det vert også god tid til å byggje nettverk, snakke med gamle kjente og møte nye samarbeidspartnarar.

Hovudtema for konferansen er rekruttering, kompetanse, jordvern og mattryggleik. Du får også innsikt i andre landbruksfaglege tema.