Frivilligheit bygger samfunn - kulturkonferansen Vestland

Velkommen til Kulturkonferansen 2022, Frivilligheit bygger samfunn!

Her er nokre av spørsmåla vi søkjer svar på:

  • Kvar står frivilligheita i eit samfunn i endring, og kva er vegen vidare?
  • Korleis kan vi styrke frivillig arbeid og få alle med?
  • Korleis få betre samhandling mellom frivilligheita, profesjonelle og det offentlege?

 

Program

  • 09.00  Registrering og kaffi
  • 10.00  Kulturelt innslag v/ musikarar frå BFUng – Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester.
  • Opning og velkomen
    • Stian Davies, leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering
    • Anne Mette Hjelle, dagens konferansier
    • Anette Trettebergstuen, kultur- og likestillingsminister
  • 10.30 Det norske gullet. Norsk frivilligheit og frivilligpolitikk
    Korleis har den nordiske og norske frivilligheita utvikla seg, og kor står vi i dag? Korleis kan kommunane og frivilligheita skape lokal frivilligpolitikk i lag?
    • Kristin Strømsnes, professor i samanliknande politikk ved Universitet i Bergen
    • Bjørn Lindstad, politisk seniorrådgjevar i Frivillighet Norge
  • 11.20  Pause
  • 11.40  Å lykkast i lag. Samhandling mellom det offentlege og frivilligheita
    På kva måte kan frivillige organisasjonar og det offentlege samhandle for å utvikle gode lokalsamfunn? Kva utfordringar finst og korleis kan vi lykkast i lag?
    • Ragna Helene Soldal, biblioteksjef i Kvam herad
    • Yaw Appiah Adjei, nestleiar i Vestland Innvandrerråd
  • 12.10  Samtale om norsk frivilligheit, frivilligpolitikk og samhandling
    Innleiarar frå dei føregåande tema møtest til samtale
  • 12.45   Utdeling av Frivilligprisen Vestland      
  • 13.00   Lunsj                                     
  • 14.00   Kulturelt innslag v/ operakompaniet Skeive stemmer
  • 14.10   Deltaking for alle? Frivillig arbeid, inkludering og folkehelse  
    Korleis kan frivillig sektor, kultur- og fritidstilbod bidra til inkludering og betre helse? Får vi alle med?
    • Elise Barsnes, klubbutviklar for inkludering i Vestland idrettskrets
    • Barrierefri fritid! v/ Hanne Johnsrud Fjellheim, prosjektleiar i Unge funksjonshemmede
    • Barnefamiliepanelet v/ William Hazell, seksjonssjef i Bergen kommune
    • Steinar Krokstad, professor i sosialmedisin v/ NTNU og leiar for HUNT forskningssenter
  • 15.25   Pause
  • 15.45  Lidenskap for frivilligheit. Samhandling mellom profesjonelle og frivillige
    Korleis oppstår læring og engasjement i frivillig sektor? Korleis kan frivillige og profesjonelle styrke kvarandre og løfte i lag?
    • Nanna Løkka, seniorforskar ved Telemarksforskning og ein av forfattarane av boka "Frivillig kulturvern - Et  kulturvern innenfra"
    • Kjersti Tubaas, Generalsekretær i Norges Musikkorps Forbund
  • 16.30   Samtale om inkludering, helse og god samhandling
    Innleiarar frå dei føregåande tema møtest til samtale
  • 17.00   Oppsummering og takk for i dag
    Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør kultur og folkehelse, Vestland fylkeskommune

Kristin Strømsnes, Universitetet i Bergen 

Norsk frivilligheit – verdiar, endringar og utfordringar 

Frivilligheita blir tillagt ei svært viktig rolle i samfunnet. Kristin Strømsnes vil fokusere på kva som tradisjonelt har kjenneteikna den norske – eller skandinaviske – frivilligheita, korleis den har endra seg – både på organisasjonsnivå og individnivå – og kva utfordringar det reiser.   

Kristin Strømsnes er professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Frivillige organisasjonar og frivillig engasjement er blant dei mest sentrale forskingsfelta hennar, og ho har bidratt med ei rekke bøker og artiklar om frivillig sektor og frivillig engasjement i Norge og Skandinavia. Kristin Strømsnes var også ein av initiativtakarane til opprettinga av Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor i 2008. Hennar siste bok er Civic Engagement in Scandinavia. Volunteering, Informal Help and Giving in Denmark, Norway and Sweden, i samarbeid med Lars Skov Henriksen og Lars Svedberg.  

Bjørn Lindstad, Frivillighet Norge 

Korleis kan kommunane og frivilligheita skape lokal frivilligpolitikk i lag?  

Bjørn vil snakke om frivillig sektor si rolle som ein viktig samfunnsaktør i utviklinga av lokalsamfunnet, og kva kommunen betyr i utviklinga av ein heilskapleg kommunal frivilligheitspolitikk i dialog med lokale lag og foreiningar. 

Bjørn Lindstad er politisk seniorrådgjevar i Frivillighet Norge og har mellom anna hatt ansvaret for å bistå kommunar og fylkeskommunar i deira arbeid med å utvikle frivilligheitspolitikk. Frivillighet Norge har hatt samarbeid med omlag 70 kommunar som ønskjer tettare relasjon til frivillig sektor. Lindstad har tidlegare også jobba som seksjonsleiar og oppvekstkoordinator i Asker kommune.  

Ragna Helene Soldal, biblioteksjef Kvam herad 

Skal me møtast i Torefjell? 

Ragna Helene Soldal kjem frå Norheimsund i Hardanger og er biblioteksjef i Kvam herad. Ho brenn for kultur og formidling og er ein ivrig deltakar i kulturlivet i Kvam både gjennom jobben og privat.   

Soldal vil fortelje om nokre gode samarbeid mellom biblioteket og Grannehjelpa, Frivilligheitssentralen i Kvam. «Saman på nett», «Tematreff i Torefjell», «God bok», «Språktreff» og ikkje minst «Kvammaveko» er eksempel på dette. - Å ha gode samarbeidspartnarar er alfa og omega for å få kulturen i bygdene våre til å bløma.

Yaw Appiah Adjei, Vestland innvandrerråd

Samhandling mellom det offentlege og innvandrarorganisasjonar 

Yaw Appiah Adjei er nestleiar i Vestland innvandrerråd, og vil snakke om samarbeidet mellom frivillige frå innvandrarorganisasjonar og det offentlege. Kva fungerer og kva kan vere utfordrande i dette møtet? Korleis kan kommunar og det offentlege elles senke barrierane for samarbeid og samhandling?  

Elise Barsnes, klubbutviklar i Vestland idrettskrets

Inkludering i idretten 

Elise Barsnes arbeider med samfunn og verdiarbeid i idretten i Vestland fylke, med særskilt fokus på inkludering av fleirkulturelle og økonomiske barrierar.  

Idretten skal vere for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, erfaringar, økonomi eller funksjonsnedsettingar. For at vi i idretten skal klare å etterleve dette må vi få til gode samarbeid mellom det frivillige og det offentlige. Vi må dele erfaringar og vi må heile tida sjå på korleis vi på best mulig vis kan inkludere i nærmiljøa.  

Hanne Johnsrud Fjellheim, Unge funksjonshemmede 

Barrierefri fritid!  

Hanne Johnsrud Fjellheim er prosjektleiar for “Barrierefri fritid!” i Unge funksjonshemmede. 

Barn og ungdom med funksjonsnedsettingar og kroniske diagnosar deltar mindre i fritidsaktivitetar enn andre på sin alder, og mange møter utilgjengelege plattformar. For den enkelte kan dette føre til dårlegare helse og levekår, og  lokalsamfunna går glipp av viktige ressursar. Som oftast handlar dette ikkje om at ein ikkje vil legge til rette, men heller at ein ikkje veit, eller er usikker på korleis oppføre seg for at det ikkje skal bli «feil».  

Så, kva kan aktivitetstilbydarar gjere for å bygge ned barrierane?  

William Hazell, Bergen kommune 

Barnefamiliepanelet 

William Hazell er seksjonssjef for strategi og analyse i byrådsavdeling for kultur, mangfold og likestilling i Bergen kommune. Har lang kulturkarriere, mellom anna som programansvarleg for Bergens europeiske kulturhovudstad i år 2000 og som seksjonsleiar for arkiv, bibliotek og museum i Bergen kommune. I dag jobbar han med data som skal gjere kultursektoren meir inkluderande. 

Barnefamiliepanel har vore ei gjentakande spørjeundersøking i Bergen kommune med deltaking frå 20 % av alle barnefamiliar. I 2022 vart Barnefamiliepanelet for første gong gjennomført i heile Vestland. Undersøkinga gir innblikk i heile fritida til born og unge, sett i lys av kor dei bur, familien sin økonomi, foreldra si utdanning og andre faktorar som har effekt på deltaking eller manglande deltaking. 

Steinar Krokstad, NTNU 

ABCen til god psykisk helse. Kvifor, kva og korleis alle kan bidra.  

Steinar Krokstad er professor i sosialmedisin ved HUNT forskningssenter, Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie ved NTNU. Han er spesialist i allmennmedisin og psykiatri og arbeider ein dag i uka ved psykiatrisk poliklinikk. Krokstad er initiativtakar til Folkehelsealliansen i Trøndelag, som har etablert kampanjen HODEBRA, https://www.hodebra.no. Han har i mange år leia HUNT forskningssenter, og er involvert i mange forskningsprosjekt, har eit breidt internasjonalt samarbeid og underviser på fleire studium ved NTNU i Trondheim.  

Nanna Løkka, Telemarksforskning 

Pasjon og politikk – frivillig kulturvern i møte med politiske målsettingar 

Nanna Løkka er seniorforskar ved Telemarksforsking. Ho forskar på kulturpolitikk og kulturliv og har særleg kompetanse på museum og kulturarv. Dei siste åra har ho hatt ansvar i fleire prosjekt som undersøker forholdet mellom offentleg og sivil sektor. Nanna Løkka var prosjektleiar og hovudforfattar av boka Frivillig kulturvern – et kulturvern innenfra som kom i 2021.  

Sara Hamre Sekkingstad, Alver kommune og Norges Musikkorps Forbund Hordaland

Læring i frivillige organisasjonar 

Sara Hamre Sekkingstad er ordførar i Alver kommune. Ho har lang erfaring frå frivillige organisasjonar, og har sidan 2017 vore nestleiar i Norges Musikkorps Forbund Hordaland. Frå 2014 til 2017 var ho generalsekretær i Senterungdommen.  

BFUng 

Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester (BFUng) har etablert seg med stor satsing på talentutvikling innan klassisk musikk og ensemblespel.  

BFUng har full symfonisk besetning og medlemene kjem frå heile landet. BFUng er i dag det fremste ungdomssymfoniorkesteret i Noreg som ikkje er prosjektorientert, men med kontinuerleg drift gjennom heile året. Orkesteret har no 130 medlemer mellom 15 og 25 år. 

BFUng har månadlege samlingar i Grieghallen i Bergen. Hovuddirigent er Kjell Seim, ein av dei viktigaste inspiratorane for unge orkestermusikarar i Noreg. I tillegg til Kjell Seim dirigerer Bergen Filharmoniske Orkester sin sjefdirigent Edward Gardner eitt prosjekt per sesong. 

BFUng har vore ein del av Musikkselskapet Harmonien-familien sidan 2015. I Musikkselskapet Harmonien finn du også Bergen Filharmoniske Orkester og Bergen Filharmoniske Kor. Opprettinga av BFUng var eit av Bergen Filharmoniske Orkester sitt viktigaste initiativ i 250-års jubileumsåret 2015. Orkesteret bygger på tidlegare Ung Symfoni, som har eksistert i bortimot 20 år, som Noregs einaste heilårs ungdomssymfoniorkester. 

Ambisjonen for BFUng er å vere eit flaggskip blant ungdomssymfoniorkestera i Noreg, gjennom eit tett samarbeid med moderensemblet Bergen Filharmoniske Orkester sine musikarar og gjestande solistar og dirigentar. Orkesteret blir drive av Musikkselskapet Harmonien, og er fundert på eit samarbeid med Griegakademiet og Barratt Due Musikkinstitutts avdeling i Bergen. 

Skeive stemmer 

Skeive Stemmer er Noregs første skeive operakompani av, med og for skeive. Dei ønskjer å skape ein arena som gir arbeid for - og rom til utvikling av skeive talent og historier. Skeive publikummarar og kunstnarar har lenge vore ein del av operasamfunnet, og Skeive Stemmer ønskjer dermed å møte behovet denne målgruppa har for å kunne sjå sine eigne historier fortalt i operaformatet. 

Operakompaniet består av dei tre operasongarane Eldrid Gorset, Angelle Khachik og Maria Dale Johannessen, som alle har sin akademiske bakgrunn frå Norges Musikkhøgskole, Barratt Due musikkinstitutt og Operahøgskolen ved Kunsthøgskolen i Oslo.  

Sidan kompaniet sin oppstart i 2018 har dei deltatt på opninga av Oslo Pride 2019, Trondheim Pride 2020, Operafestukene i Kristiansund 2022, Regnbuedagene i Bergen 2022 og mykje meir! Hausten 2020 starta dei også ein konsertserie på Rosendal Teater i Trondheim som heter «Operakafé» der dei har gjort over 20 konsertar gjennom heile pandemien. I september 2022 hadde Skeive Stemmer premiere på sin første fulle operaproduksjon «De Lystige Koner i Windsor» av Otto Nicolai, nettopp på Rosendal Teater, under Trondheim Pride 2022. 

 

Praktisk informasjon

Stad: Kulturkonferansen blir arrangert på Scandic Hotel Norge i Bergen, 16. november 2022.

Pris: Konferansen kostar 1000 kr, og inkluderer lunsj og konferanseprogram.

Påmelding: Påmeldingsfristen er 31. oktober. Påmeldingsskjema

Overnatting: Dei som ønskjer hotellrom bestiller sjølve dette direkte hos Scandic Hotel Norge innan 21. oktober eller via andre hotell. Bookingkode til Hotel Norge er 48042903, avtalepris er kr. 1790. Bestill på e-post eller tlf. 55 55 40 00.

Arrangør av Kulturkonferansen er Vestland fylkeskommune.

Målgrupper for konferansen er frivillig sektor, kommunar, kultur-, idrett og friluftsorganisasjonar, kulturinstitusjonar, frie kulturutøvarar, kulturbaserte næringsaktørar og privatpersonar.